Krækkja turisthytte er blant turisthyttene som er blitt ramma av den svært smittsame magesjukdomen. (Arkivfoto).
Krækkja turisthytte er blant turisthyttene som er blitt ramma av den svært smittsame magesjukdomen. (Arkivfoto).

Smittsam magesjukdom på fleire turisthytter

Ein svært smittsam magesjukdom har brote ut ved fleire av turisthyttene på Hardangervidda. Mannskap frå Røde Kors hjelpekors har i løpet av helga transportert ut eit tredvetals sjuke skituristar.

Hyttene som er blitt ramma er Litlos, Sandhaug, Rauhelleren, Kalhovd, Krækkja og Stigstuv.

– Det er svært leit når gjester på hyttene våre blir sjuke. Me gjer det me kan for å ta vare på alle som er ramma. Dei blir isolert på eigne rom, får tilgang til eige toalett, eller er blitt transportert ut og innkvartert på hotell, opplyser Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifylgje Wikborg har det vore to tilfelle av omgangssjuke blant dei tilsette ved Krækkja turisthytte. – Begge er blitt isolert og alle fellesareal er blitt vaska ned, fortel Wikborg som legg til at korkje Geiteryggen turisthytte eller Iungsdalen turisthytte er blitt ramme så langt. – Me opplever at me har kontroll på situasjonen. Me går ut med informasjon, oppmodar til handvask og det er blitt gjennomført nedvask med Klorin på soverom, fellesrom og toalett. Me fylgjer Folkehelseinstituttets råd, opplyser Wikborg.

Smittevernoverlegen i Eidfjord trur ikkje det er mat eller vatn som er årsaka til magesjukdomen. Mykje tyder på at folk har tatt med seg smitten inn i fjellet og at det dreier seg om eit norovirus. Dei som er sjuke kan bera på smitten i inntil 48 timar etter siste symptom.

– Turisthyttene er sjølvsagt innstilt på å fylgje Folkehelseinstituttet sine råd. Men det beste førebyggande tiltaket er rennande vatn og såpe. Det er betre enn antibac. Det gjeld å halde seg rein. Dei som gjer det, vil truleg heller ikkje bli sjuke, understrekar Wikborg som oppmodar påsketuristane til å halde på ferieplanane

– Det er meldt kjempevêr dei komande påskedagane. Snøforholda er fantastiske. Alt ligg til rette for ei klassisk draumepåske.