Smittetilfelle nummer to i Ål
Onsdag testa ein hytteturist positivt for koronaviruset i Ål. Fredag fekk kommunen endå eit bekrefta tilfelle.
Den smitta er nærkontakt til onsdagens smittetilfelle. Såleis var det ikkje uventa at det ville kome ein positiv prøve til.
Dei to smitta tilhøyrer same husstand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik er smittestatus i Hallingdal, frå måndag 22. mars til no:
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 0 |
Nesbyen | 0 |
Gol | 2 |
Hemsedal | 8 |
Ål | 2 |
Hol | 0 |