Vasspistolar, russekort og dundrande basskasser. DÅ ER DET 17. MAI!

Slitne og stemmelause, men framleis litt krutt att til russetoget: – Det er fint å sjå at me er der for kvarandre når det verkeleg gjeld

Fredag ettermiddag var Gol sentrum fylt av festkledde folk frå heile dalen. Det var tid for russetog.

Då russetoget gjekk av stabelen sto publikum langs alle fortau oppover sentrum. Ungane sto forventningsfulle og venta på at bussar og van'er skulle passere.

Jamleg flaug bunke på bunke med russekort og klistremerke gjennom lufta før dei spreidde seg utover asfalten. Men der vart dei ikkje liggande lenge før ungane kom springande for å plukke dei opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis var det litt futt att i Hallingrussen då dei køyrde siste rulling gjennom Gol sentrum på ettermiddagen 17. mai.
On top of the .... buss.
Vandrerussen tok beina fatt. «Sko for buss»

Russ oppå, inni, framfor og bak køyretøya. Musikken ljoma, dei dansa. Og var ein ekstra heldig så fekk ein seg ein liten oppfriskande dusj frå vasspistolane. Ikkje så dumt etter ein så varm og fin dag.

Så var det berre ein ting att av 17. maidagen, nemleg russens tale.

Russepresidentane Ida Marie Nerheim og Anne Birgit Frydenlund sto for tala i år. Dei snakka både med den stemma dei hadde, og ikkje hadde.

– I dag har me feira nasjonaldagen. Ein dag som skal minne oss om fridom, fellesskap og stoltheit, starta Nerheim.

Ho påpeika også at feiringa omhandla 13 år på skulebenken, som dei no har lagt bak seg.

Russepresidentane Anne Birgit Frydenlund og Ida Marie Nerheim sto klare til å halde årets tale frå russen.

Frydenlund sleit med ei tynnsliten stemme, men det stoppa ho ikkje frå å halde tale. Ho snakka om korleis dei har følgd den tradisjonsrike russefeiringa med dressar, fest og russekort.

– Me har skapt minner for livet. Men me må også hugse at russen er meir enn berre fest og moro. Me har gjort mykje moro og lagt innsats i å skape eit godt fellesskap. Det er fint å sjå at me er der for kvarandre når det verkeleg gjeld.

Nerheim minner om vaksenlivet som no bankar på døra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje ukjent at me no må prestere både her og der. Men hugs, det er lov å gi litt f i blant.

Applausen tok over og russen kunne endeleg reise heim til ei etterlengta mjuk seng og kvile ut både kropp og stemme.

– Gratulerer med dagen, ropa russepresidentane i det dei takka for seg.

Sjå russen og russens tale her: