– Kva skal eg si? Velkommen etter, seier Li når han får lest framsidene til nettavisene fredag.

Slik svarar varaordføraren frå Høgre: – Velkommen etter!

– Me har lenge vore på at fastpris er det beste for våre innbyggjarar, seier Jørund Li i Ål Høgre.

Når Hallingdølen ringer har han ikkje rokke å få med seg nyheita om regjeringas forslag. Frå hausten av skal dei tilby ein fastpris på straumen til 40 øre kWh til både hus og hytter.

Føreseielegheit

– Viss det viktigaste er å ha føreseielegheit, vil ein fastpris på 40 øre per kilowattime kunne vere eit godt alternativ til straumstøtte, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei som har følgd straumdebatten i Ål kan forslaget lyde kjend. I lang tid har Høgre i Ål jobba for ein fastprisavtale kor straumen ikkje skulle bli dyrare enn 50 øre kWh.

Velkommen etter

– Kva skal eg si? Velkommen etter, seier Li når han får lese framsidene til nettavisene fredag.

Les også
Vil ha 40 øre i fastpris til alle innbyggarar, næringsliv og hyttefolk: – Får ein stor konsekvens

– Det var noko kjend med forslaget, meiner han.

Heilt sidan straumprisen skaut i vêret for nokre år sidan har Høgre kjempa for ein fastpris på 40 øre for alle som er abonnentar hjå Ål kraftverk.

Solveig Vestenfor (Ap), ordførar i Ål.

Fornuftig

– Det handlar om føreseielegheit i ei ustabil tid. Me har sett det slik at over tid bør ikkje straumprisen variere. Det er ein fornybar ressurs med stabil produksjon som bør koma Norges innbyggjarar til gode.

– Så skal den sjølvsagt ikkje vera gratis. Og den bør vera så dyr at det er lurt å sette i verk tiltak for å spare straum. Det meiner me framleis er lurt med ein pris på 40 øre, seier Li.

– Så det er eit fornuftig forslag frå Ap-regjeringa?

– Me kan ikkje seie noko anna. Det er det me har meint i våre perspektiv på Ål. No har eg ikkje lese alt, men det lyder kjent, er fornuftig og gir stabilitet og føreseielegheit på ein ressurs Norge har utvikla over tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal Li sette seg meir inn i saka, men har ein melding til regjeringa.

– Eg stiller meg til rådigheit om dei treng fleire råd, ler han.

Ville ha nasjonal ordning

Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor (Ap) registrerer at forslaget gler lokale folk i Høgre.

– Dei skapar eit poeng ut av at Arbeiderpartiet i Ål har sagt nei før.

Ho seier dei aldri har vore i mot ei fastprisordning.

– Men det bør vera like vilkår i alle kommunane. Eg har sagt det fleire gonger: Dette må Norge laga ordningar på. Det kan ikkje vera forskjell frå Ål til Gol til Nesbyen og Stavanger.

– Dei fyrste åra eg var med i politikken var det Ap som fremma forslag på fastpris på straum. Ein eventuell fastpris i Ål no måtte blitt finansiert av kraftinntektene våre og då indirekte kommunebudsjettet. Det ville påverka tenestene til innbyggarane. Difor ville me heller ha nasjonale ordningar, seier Vestenfor.

Kuttar i nettleiga

Regjeringa endrar også på nettleiga. I dag er momsen på nettleiga 25 prosent. Den vil regjeringa redusere til 15 prosent frå 1. juli i år. Dette betyr ei samla innsparing for hushaldningane på 1,6 milliardar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei varslar også at dei i neste stortingsperiode vil regjeringa fjerne heile meirverdiavgifta på nettleiga.

Morten Wold (Frp).

– Eit steg i rett retning

Fremskrittspartiet har lenge markert seg i straumdebatten med forslag om 50 øre fastpris. No blir dei «slått» av Ap.

– Tiltaket frå Ap er eit steg i rett retning, men framleis manglar viktige element for å løyse systemutfordringane i kraftpolitikken som rammar næringslivet, seier Morten Wold (Frp) frå Buskerud.

Han håpar dette kan vere startskotet for ein ny kurs i kraftpolitikken.

Ikkje sløs med straumen

Eit spørsmål nokon stiller seg er om fastpris betyr at folk ikkje lenger vil spare på straumen.

Solveig Vestenfor seier at det blir viktig å spare på straumen også frå hausten av om forslaget går gjennom:

– Så du seier folk ikkje må avbestille eventuelle energitiltak dei skal gjera i år?

– Nettopp! Ein bør framleis ikkje sløse med straumen!