Slik reknar dei ut løna si
Ordførarane i Hallingdal og Nore og Uvdal får meir i lønn.
Lønnsauken er ein konsekvens av at Stortinget 10. juni vedtok ei auke på 2,7 prosent i sitt eige lønnsoppgjer.
Stortingspolitikarane skal det neste året tene 885.491 kroner mot den tidlegare lønna som var på 865.100 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
90 prosent
Dette får også konsekvensar for ordførarlønningane i Hallingdal og Nore og Uvdal.
For samtlege kommunar tek utgangspunkt i lønna til stortingspolitikarane når dei fastsett ordførarlønna. Hallingdalskommunane unnateke Flå lønnar ordførarane med 90 prosent av lønna til ein stortingsrepresentant. Fram til Stortinget vedtok lønnsauken i juni tente ordførarane 778.590 kroner. Dersom kommunane skal følge vedteke praksis, skal lønna no aukast til 796.942 kroner. Flå saman med Nore og Uvdal har fastsett ordførarlønna til 85 prosent av lønna til stortingsrepresentantane. Dermed kan ordføraren no forvente ei auke i løna frå 735.335 til 752.667 kroner.
Auka lønningar
Lønningane til ordførarane har auka dei siste ti åra.
I 2005 tente alle ordførarane frå 460.000 (Gol) til 520.000 (Nes). I 2011 hadde dette auka til 651.690 kroner i Hol, Ål, Gol og Nes medan Flå-ordføraren då tente 638.265 kroner. Hemsedal låg på botnen med 620.000 kroner.
I 2005 hadde også samtlege rådmenn lønn frå 500.000 til 525.000 kroner. Då praktiserte også fire av hallingdalskommunane lik lønn for ordførar og rådmann. Berre i Hol og Gol var det skilnader i lønningane til ordførar og rådmann.
Nes-rådmann toppar
Blant rådmennene er det Torbjørn Hansen i Nes som tronar på topp.
Etter at lønna vart justert opp av formannskapet i juni, tener han no desidert mest av rådmennene med 927.000 kroner. Han tener borti 100.000 kroner meir enn kollegaene som følger nærmast: Lars Ole Skogen i Hol og Tone Tveito Eidnes i Ål med 830.000 kroner. I Gol justerte politikarane i oktober i fjor opp lønna til Hege Mørk slik at rådmannslønna no er på 789.000 kroner. Tett opp mot denne lønna kjem også Odd Egil Stavn i Flå. I juli justerte formannskapet lønna opp frå 750.000 til 780.000. Lønningane til Alexander Ytteborg i Nore og Uvdal og den nye rådmannen i Hemsedal, det blir truleg Ole Johnny Stavn frå Flå, ligg på botnen i denne oversikta med høvesvis 747.000 og 750.000 kroner.