Slik jobbar Hallingdølen gjennom koronakrisa
Hallingdølen har den siste veka sett nye lesarrekordar på nett. Akkurat no jobbar alle journalistane frå heimekontor for å gi deg nyheiter i ei krevjande tid.
Heile samfunnet har vore i ein unntakstilstand sidan koronautbrotet starta førre veke. Me i Hallingdølen har merka eit stort og heilt naturleg behov for informasjon blant folk, og har jobba døgnet rundt den siste veka for å heile tida kunne gi deg siste nytt.
Heimekontor
Me tek også grep for å handtere virussituasjonen. Fredag vart alle journalistane sendt på heimekontor, og jobbar no heimanfrå for å lage avis. Dei fleste på huset for øvrig, som grafikarar og annonsekonsulentar, jobbar også heimanfrå så langt det går.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Som journalister må ein likevel ut og møte folk. Men i desse tider prøver me å redusere det så godt me kan, me gjer intervju på telefon og tek alle forholdsreglar når me først er ute.
Avisar over heile landet melder om eit stort informasjonsbehov blant folk. Det merkar også me i Hallingdølen. Den siste veka har me nådd nye rekordar på lesartal, måndag hadde me 142.000 sidevisningar gjennom døgnet. Den førre rekorden kom under kommunevalet, då var me oppe i 115.000. Kvar dag sidan koronautbrotet har me ligge langt over dette talet.
Mellom 20.000 og 30.000 unike brukarar har vore innom nettsida vår kvar einaste dag.
Opne artiklar
I desse tider har media ei viktig rolle når det gjeld å få samfunnskritisk og korrekt informasjon raskt ut til folk. Når du les Hallingdølen på nett til vanleg, ligg det meste av stoffet vårt bak betalingsmur. Den siste veka har me vald å køyre store delar av stoffet om korona opent og tilgjengeleg for alle.
Det er eit bidrag i den nasjonale dugnaden. Nyheiter som omhandlar utviklinga i koronasituasjonen, som er viktig for liv og helse, skal sjølvsagt ikkje ligge bak mur. Det handlar om at me skal fylle samfunnsoppdraget vårt. I dei første og kritiske dagane av koronautbrotet hadde me cirka 80 prosent av alle sakar liggande opent.
Samtidig opplever me eit massivt og umiddelbart bortfall i annonseinntekter. Det gjer at me framleis må ha stoff liggande bak mur. Me er heilt avhengig av både annonseinntekt og brukarinntekt om me skal klare å halde fram med å gi lesarane ei god papiravis og ei levande nettavis.
Me vil halde fram med å gi lokalbefolkninga i Hallingdal oppdaterte nyheiter gjennom heile døgnet. Tips oss gjerne!
Artikkelen held fram under annonsen.