Slakta saksutgreiing
Høgres Rune Ihle svinga storslegga i kommunestyret onsdag. Han vil ha ordentleg svar på konsekvensane av å innføre eigedomsskatt i heile Nes kommune.
Kommunestyret drøfta saksutgreiinga frå administrasjonen, men Ihle var ikkje nøgd.
– Utgreiinga er eit einsidig partsinnlegg som manglar balanse, sa Ihle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje uventa foreslo han å utsetje saka på nytt i kommunestyret torsdag. Det vart vedteke mot stemmene til Bygdelista og KrF. Men samtidig spissa han det, som han sjølv uttrykte det, ved å nærmast dynge på med nye krav til administrasjonen om kva som skal greiast ut.
– Det som blir kravd her er det umogleg å få klarlagt før det ligg føre ein takst. Korleis skal me rekne ut konsekvensane når me ikkje veit kva takstutvalet fastset? Det er eit umogleg oppdrag me får servert, svara rådmann Torbjørn Hansen.
Heit potet
Om Nes kommune skal innføre eigedomsskatt, er ein heit potet. Saka er vorte ein gjengangar i kommunestyret.
Rådmannen er derimot ikkje i tvil om at kommunen treng pengane. I handlingsprogrammet dei nærmaste åra hadde han rekna inn ekstrainntekter på 14 millionar i året. I kommunestyret før jul vedtok eit fleirtal å setje saka ut i påvente av ei ny konsekvensutgreiing. Den ligg føre, og den vart nærmast slakta av Høgres Rune Ihle frå kommunestyrets talarstol.
Etterlyste svar
– Me har ikkje fått svar på det me bad om. Me har ikkje fått ei utgreiing om konsekvensane av å innføre skatten, sa Ihle, og ramsa i ekspressfart opp det han ville ha svar på. Det var konsekvensar for både alpinanlegg, landbrukseigedommar og meir til.
– Regjeringa tek i revidert nasjonalbudsjett til orde for at hytteeigarar kan haldast utanfor. Me må få greidd ut både positive og negative konsekvensar av å innføre skatten, sa Ihle, som ikkje sette nokon tidsfrist.
– God nok
– Dette er å be om fasiten på eit arbeid som takstmennene skal gjere. Mykje av dette vil ikkje vere klart før arbeidet er i gang, sa Audun Aasheim (Bygdelista).
KrFs Rolf Strand var samd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg støttar ikkje utsetjing. Saksutgreiinga er god nok i massevis. Ei konsekvensutgreiing slik Høgre ber om er bortimot umogleg å gjere. Me må avgjere denne saka no, sa Strand.
Irritert
Ein irritert Rolf Strand vart avbroten av ordførar Tore Haraldset då han, ifølgje ordføraren, gjekk frå å argumentere mot utsetjing til å debattere sjølve saka. Då han fekk gå vidare, sa han.
– Det ligg eit stort ansvar på takstutvalet. Skal administrasjonen greie ut dette, får den ikkje gjort noko anna.
– Eg er klar over ansvarsfordelinga mellom kommunestyret og takstutvalet. Men me må vite konsekvensane, ikkje fasiten. Men veit for eksempel ikkje kva innføringa av skatten vil bety for næringslivet i Nes, sa Rune Ihle.