Skurdalen eller Dagali?
Det er duka for lokaloppgjer Dagali-Skurdalen i Hol kommunestyre torsdag.
Frå hausten er det for lågt barnetal til å halde oppe barnehagen både i Dagali og Skurdalen. Det vil vere 10 fastbuande barnehagebarn i Dagali og to i Skurdalen.
I saksutgreiinga frå administrasjonen blir det vist til at etter ei vurdering der omsynet til barnet skal vege tyngst, vil dette tilseie at det er avdelinga i Dagali som bør haldast oppe. Dette synet blir også støtta av foreldrerådet ved Dagali og Skurdalen oppvekstsenter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men vidare i saksutgreiinga frå administrasjonen blir det peikt på at det stiller seg annleis når ein skal vurdere forhold som samarbeid, kompetanseutvikling, felles ressursbruk på ulike nivå og leiing av oppvekstsenteret. Overgang frå barnehage til skule kan også skje på ein smidig måte ved lokalisering av barnehagen til Skurdalen. Etter ei totalvurdering rår difor rådmannen til at barnehageavdelinga i Dagali blir mellombels stengt frå hausten 2012.
Men eit fleirtal i utval for kultur og levekår (UKL) ser det annleis. Med fem mot to røyster (2 Ap) vedtok UKL tidlegare denne månaden å tilrå at avdelinga i Skurdalen blir mellombels stengt, medan avdelinga i Dagali blir oppretthalden under Dagali og Skurdalen oppvekstsenter. Det blir opp til kommunestyret å avgjere.