Stenger Hemsedal skisenter og ber turistar reise heim
Skistar stenger Hemsedal skisenter frå fredag. Hemsedal kommune ber turistar i bygda reise heim.
Avgjersla om å stenge Hemsedal Skisenter skjer etter møte mellom Skistar, som eig skianlegget, Hemsedal turisttrafikklag og Hemsedal kommune.
— Me har etter møtet bede Skistar stenge skianlegget, fortel ordførar Pål Rørby til Hallingdølen.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Stor forståelse»
Den oppmodinga følgjer Skistar.
«Beslutningen er tatt for å begrense antall mennesker som befinner seg i kommunen, hvor sykdomsapparatet kun er dimensjonert for å håndtere komplekse sykdomsspørsmål fra de fastboende, og det har vi stor forståelse for», seier Linda Morell, pr-sjef i Skistar i ei pressemelding.
Ikkje kapasitet
Ordførar Pål Rørby grunngir det drastiske tiltaket med at Hemsedal kommune ikkje har kapasitet til å ta hand om dei mange som er i bygda, i ein situasjon der talet på koronasmitta aukar.
— Det er 10.000 personar i Hemsedal no, og til helga er det venta 20.000. Det er ein utfordrande situasjon for beredskapen i kommunen. Derfor har me bede Skistar stenge skisenteret, og me ber turistar som er på veg hit til å snu og reise tilbake til der dei bur, fortel Pål Rørby.
Hyttefolk
Han poengterer at kommunen ikkje har kapasitet til å handtere dei store folkemengdene. Og han ynskjer også å nå hyttefolket.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.
— Det er krevjande for Hemsedal kommune viss alle vel å reise på hytta i denne situasjonen. Me har ikkje ressursar til å handtere så mange fleire enn våre faste innbyggjarar. Derfor oppmodar me hyttefolket til å halde seg heime og følgje lokale retningslinjer, presiserer Pål Rørby.
Han oppfordrer folk til å dra rett heim og ikkje stoppe på butikken på vegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er nøydd til å ha ei viss matvaresikkerheit, seier han.