Skiheisfusjon på Geilo
Geilo Taubane AS og Geilolia Skisenter AS slår seg saman. Det nye selskapet skal heite Geilo Skisenter AS.
Dermed får Geilo det som lenge har vore etterlyst – ein sterkare reiselivsaktør. Alle heisselskapa er enno ikkje samla, men dei to største er det når Geilo Taubane og Geilolia Skisenter no har signert intensjonsavtale om å fusjonere verksemdene.
Planen er at selskapa skal vere slått saman til eitt, Geilo Skisenter AS, innan utgangen av 2012, går det fram av pressemelding som er sendt ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sterk aktør
Det nye selskapet skal drive skiheis, skiskule, skiutleige, sommaraktivitetar, servering og booking av overnatting og aktivitetar. Det skal drive, utvikle og selje gode kundeopplevingar på heilårsbasis.
– Me er svært fornøgde med å endeleg få til ein fusjon i heisselskapa på Geilo. Me ser det som eit høve til ny utvikling og vekst når me no slår saman to organisasjonar til ein sterk reiselivsaktør, seier styreleiar Christian Wessel i Geilo Taubane.
Geilo har mangla den sterke motoren som Skistar til dømes er i Hemsedal. Geilo Skisenter AS har langtfrå same styrken som Skistar, men er uansett ei svært spennande nyskaping.
Ny giv
– Me er glade for at dette endeleg skjer og ser det som starten på ein ny giv for Geilo, seier Birgit Haugen som er styreleiar i Geilolia Skisenter AS.
Ho trekkjer fram at ved å slå seg saman får dei samla kompetansen og bygd ein ny og sterkare organisasjon. Saman står dei betre rusta i den tøffe kampen om turistar frå inn- og utland.
– Me får også høve til å trekkje til oss nye ressursar til spennande oppgåver, seier ho.
Geilo Skisenter AS blir ikkje berre det største heisselskapet, men også det største innan aktivitetar på Geilo. Hovudsiktemålet er vinter og ski, men selskapet har eit breitt tilbod heile året. Det vil halde fram å utvikle unike opplevingar for gjestene som kjem til Geilo.
– Me ser også fram til eit godt samarbeid med dei andre reiselivsaktørane og Hol kommune om å skape gode kundeopplevingar og ny vekst på Geilo, avsluttar Christian Wessel.