- Skal vere glad for at det gjekk bra
De tilsette ved Hallingdal Renovasjon oppdaga at det brann måndag ettermiddag, og starta sjølv med slokking.
Innsatsleiar Pål Bjerke i Hallingdal brann- og redningsteneste opplyser ved sekstida måndag ettermiddag at dei har fått kontroll på situasjonen.
Brannen oppstod i samband med hushaldningsavfall. Ifølge Bjerke var det tilsette ved Hallingdal Renovasjon som oppdaga at det brann, og dei starta sjølv med slokking.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannmenn frå fire brannstasjonar rykte ut, og fekk raskt oversikt over situasjonen. I løpet av eitt kvarter hadde dei kontroll.
- Me skal vere glade for at det gjekk bra, seier Bjerke til Hallingdølens journalist på staden.
Brannvesenet veit enno ikkje kvifor det begynte å brenne i avfallet.
Ingen personar har kome til skade i hendinga, og det blir meldt om minimalt med skade på bygget.