I februar fekk Torill Kvalvågnes feber, tørrhoste, kraftig hovudpine og opplevde at smakssansen endra seg. Dette var halvanna veke før første påviste smittetilfelle av korona i Norge.

Sjuk før smitten kom til Norge?

Ho var kanskje blant dei første i landet som vart smitta av korona.

Det første kjente smittetilfellet var ei kvinne i Tromsø som vart testa 27. februar. Torill Kvalvågnes frå Ål vart sjuk med kraftige influensasymptom alt 19. februar.

Ho fekk feber, tørrhoste, hovudpine og rar smak i munnen. No har ho testa positivt på antistoff og spørsmålet melder seg: Kom koronaviruset raskare til Norge og Hallingdal enn me tidlegare har trudd?

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart brått skikkeleg dårleg

– 14. februar var eg i Oslo med ein venninnegjeng. Me var sju venninner som reiste for å sjå «Chess» på Folketeateret. På teateret stod me sjølvsagt tett i tett i kø. Me to som delte hotellrom vart sjuke, dei andre heldt seg friske. Eg trur me anten vart smitta på teateret eller på hotellet, seier ho.

Les også
Antistoff-testing: Har justert opp smittetalet frå 10 til 17

Ho merka ingen ting dei første fire dagane etter Oslo-turen. Kvelden før ho vart sjuk, var ho på korøving. Då var ho i fin form. Men 19. februar, fem dagar etter teaterbesøket, vart ho brått skikkeleg dårleg og fekk feber.

– Eg hosta, skikkeleg hard tørrhoste. Eg hadde ikkje pusteproblem, men hosten gjorde at eg nesten ikkje klarte å prate. I tillegg hadde eg forferdeleg hovudverk, eit trykk mot panna. Og ein rar smak i munnen, særleg kaffien smakte metallisk og vondt. Symptoma kom plutseleg og med ein gong – det var ikkje noko gradvis forverring. Eg vart heilt utmatta og låg på sofaen i tre veker, og det gjekk enno to veker før eg fekk att kreftene, fortel ho.

I midten av februar vart Torill Kvalvågnes skikkeleg sjuk. Symptoma minner om måten koronapasientar skildra si sjukdomshistorie. Men i februar hadde ikkje covid-19 viruset offisielt kome til Norge.

Tok covid-19 eit tidlegare fly?

Symptoma til Kvalvågnes minner sterkt om slik mange koronapasientar har skildra si sjukdomshistorie. Forskjellen er at på den tida ho vart sjuk hadde ikkje covid-19 viruset offisielt kome til Norge. Det første påviste tilfellet vart oppdaga vel ei veke seinare.

Les også
Dei har hatt korona

Kvalvågnes oppsøkte lege, men vart ikkje testa for korona. Men no har ho testa positivt på antistoff. Dette er ein blodprøve som blir tatt for å sjekke om kroppen har utvikla antistoff etter at virusinfeksjonen er ute av kroppen. Venninna som ho delte hotellrom med, har testa negativt på antistoff.

Testa positivt på eitt av to antistoff

– Funnet er spennande, men det er for tidleg å gje eit sikkert svar på kva dette betyr. Dette er eit nytt virus med nye antistoff. Me er usikre på kor gode og presise svar me får og er førebels ikkje heilt sikre på korleis me skal tolke resultata, seier fastlege Karoline Horn Strømmen Solheim.

Lege Karoline Horn Strømmen Solheim seier det er spennande at folk som var sjuke i februar, før covid-19 kom til Norge, testar positivt på antistoff. - Men me er usikre på kor gode og presise svar me får og er førebels ikkje heilt sikre på korleis me skal tolke resultata, seier ho.

Generelt skal ikkje blodprøvar innehalde antistoff mot covid-19 dersom ein pasient ikkje har vore smitta av korona. Men i Kvalvågnes sitt tilfelle det er svært små mengder som er påvist, ein grenseverdi.

– Det er alltid to typar antistoff me leitar etter. I den første prøven var det utslag på eitt av to. Difor skal ho ta testen på nytt for å sjå om me får same svar eller om det blir påvist meir eller mindre antistoff, seier Solheim. Kvalvågnes har fått time på laboratoriet for å ta ny test onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Du blir heilt utmatta

I etterpåklokskapens kalde lys

Dei vil også teste dei Kvalvågnes har vore i nærkontakt med som også har vore sjuke.

– Finn me antistoff hjå nærkontaktar, blir me sikrare, seier Solheim. Så langt er resultatet at éin av nærkontaktane testa negativt på antistoff. Dette svekkjer hypotesen om at ho har vore smitta av korona. Men det er tatt fleire prøvar som dei framleis ventar svar på.

I ettertid skulle eg ønske at me testa for covid-19 den dagen ho var på legevakta. Men dette var i februar og fokuset var på reisande frå Kina. Men ho hadde mange av symptoma, så eg tenkte faktisk på det, seier lege Karoline Horn Strømmen Solheim.

– Angrar du på at du ikkje testa henne for korona då ho var sjuk?

– Me testa både for influensa og fleire andre virusinfeksjonar, og ho hadde ikkje noko av dette. I etterpåklokskapens kalde lys skulle eg ønske at me testa for covid-19 den dagen ho var på legevakta. Men dette var i februar og fokuset var på reisande frå Kina. Men ho hadde mange av symptoma, så eg tenkte faktisk på det, seier Solheim.

– Medisinsk interessant

Det er ingen som kan vite sikkert om viruset kom til Norge tidlegare enn det som så langt har vore påvist. Difor er det interessant at folk som var sjuke i februar, testar positivt på antistoff.

– Korleis tolkar du det positive resultatet på den første testen?

– Det kan bety eitt av to: Anten har korona kome tidlegare hit enn me trudde; eller har me funne at testen ikkje er heilt påliteleg, at det er ein svakheit ved testen. Begge deler er interessant frå eit medisinsk perspektiv, seier Solheim.

Les også
– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?
Les også
Gler seg alt til neste skitur