Sjå video: Flykta med ungane frå først eitt ras, vart innesperra - så kom eitt til: – Då var me redde altså

– Det går nok lang tid før eg vil kjenne meg trygg heime. Det gruar eg meg til, seier Roy Rotebakkdokken etter to hektiske døgn.

Då det tok til å buldre oppe i dalsida og huset stod og rista tysdag ettermiddag, sprang Roy Rotebakkdokken ut og fekk sjå jordskredet hos naboen lenger oppe i Strandafjorden i Ål.

Tysdag vart eit hus ved Kleivi, lengst vest i Strandafjorden, tatt av eit jordras. Raset losna høgst oppe i lia og reinska fjellsida før det smadra eit hus.

– Det begynte langt oppe i lia og over huset til naboen. Store blokker, stein og skog kom nedover lia. Det var så skremmande. Eg gjekk vel i sjokk, men fekk ungane i bilen – for me skjønte at me må kome oss herifrå fort. Til og med utanpåklede vart liggande att, fortel Rotebakkdokken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei kom ned på riksveg 7, såg han at nabohuset var teke i raset. Seaking-helikopter var då like over raset. Rotebakkdokken torde ikkje anna enn å køyre motsett retning, altså mot Ål sentrum.

Roy Rotebakkdokken fortel om dramaet han opplevde då raset tok nabohuset ved Strandaforden i Ål.

Full stopp

Men han, dottera Malin og sonen Emil, kom ikkje langt. For også i Tunegardane hadde ras blokkert riksvegen. Det danna seg kø og mykje folk.

Rotebakkdokken stod slik til at han såg bortover Breiegardane, men var også oppteken av far sin, Eilev, som hadde vore på besøk, men ikkje kome seg lenger. Sidan faren treng medisin, var Rotebakkdokken uroa for om han ikkje ville få det og mat i tide. Og mens dei venta, fekk dei sjå raset kome i Breie.

Eit massivt jord- og steinras starta øvst i lia og tok med seg alt som stod i vegen. Raset smadra eit bustadhus på Søre Breie. To dagar etter raset, ser det slik ut i området.

– Vondt å vente på hjelp

– Då var me redde altså. Det var vondt å stå der. For om det kan rase i Breie kan det rase over alt, seier Rotebakkdokken.

Han beskriv raset i Breie som å helle ut ei bøtte med vatn. For det var over på kring ti sekund. For like fort som raset kom var det over og huset jamna med jord og vatn.

– Det var som to heilt forskjellige ras. Ovanfor hjå meg, var det enorme mengder stein og blokker som rasa jamt og trutt – mens i Breie var det mest jord og vatn som kom ned lia.

Redda ut luftvegen

Etter om lag halvanna time ved riksvegen vart dei redda ut av området med helikopter. Ivar Stave, som er bussjåfør, tok ansvar for å organisere og få folk inn. Heile to militærhelikopter og eit Seaking jobba med å få frakta folk ut.

Då dei kom til Ål kulturhus, fekk dei både mat, medisin og ullpledd. Men dei sov ikkje mykje natt til onsdag på det kalde golvet i kulturhuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde så mykje adrenalin i kroppen. Til og med beina rista av alt som hadde skjedd. Det gjekk lang tid før kroppen roa seg, fortel han.

Eilev og Elsa Rotebakkdokken fekk lov til å reise heim torsdag ettermiddag. Her blir også sonen Roy til det er trygt å reise heim til Strandfjorden. Dei får ikkje fullrosa hjelpa dei har fått av kommune, hjelpemannskap og helse. - Men det skal bli godt å sova i eigen seng etter to netter på kulturhuset, seier Elsa.

Godt å vera med folk

– Men i natt har eg sove godt, med eit ullpledd under meg, eitt over og eit til pute. Ei venninne henta ungane onsdag kveld, så dei er trygge på ei hytte i lag med mor si, seier Rotebakkdokken som framleis held seg rundt kulturhuset og sentrumsområdet.

Han håper no at foreldra som bur på Leksvoll, som også er evakuert, får sleppe heim i løpet av torsdagen – slik at han kan reise dit.

– Det er mange år sidan eg har brukt så mykje tid på Sundre. Men det kjennest godt å vera blant folk og å vera der ein får siste informasjon. Eg har fått tilbod om plassar å sova – men eg vil vente å sjå. Det er godt å ha folk rundt seg i staden for å sitje ein plass aleine der ein ikkje føler seg heime. Det er også godt å snakke med folk i sentrum om litt anna – så ein ikkje berre går å tenkjer, seier han.

Like etter fekk foreldra klarsignal på at det var greitt å reise heim til Leksvol.

– Eg blir hjå dei til det er trygt å reise heim att, seier han.

Roy Rotebakkdokken pustar letta ut etter skreddramaet.

Spent på kva som ventar

Rotebakkdokken er spent på korleis tilhøva er heime i huset ved Strandafjorden. For då han og ungane flykta tysdag ettermiddag, rann det vatn rundt grunnmuren og det hadde kome inn vatn på vaskerommet. Kloakken rann også over ute. I tillegg står bilen framleis att langs Strandafjorden.

– Det er voldsomme krefter. Det går nok lang tid før eg vil kjenne meg trygg heime. Det å kjenne på utryggheita det gruar eg meg til. For no veit eg kor fort ting kan skje. Du har nesten ikkje sjanse til å kome deg unna. Eg tenkjer veldig på familiane som har mista hus og heim, men er glad ingen liv gjekk tapt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.