Tre bustadhus tatt av skred, ikkje to - ordføraren beklagar dårleg informasjon
Jordskred har teke heile tre bustadhus i Ål. Ikkje to, slik folk har trudd fram til no.
Det er Ål-ordførar Solveig Vestenfor som informerer om dette tidleg fredag morgon.
– Det er dessverre heile tre hus som har gått tapt i Breie. To Breie-gardar er råka av same raset, der våningshuset har gått på begge gardane, opplyser Vestenfor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse to kjem i tillegg til huset som vart smadra lenger vest mot Kleivi. Olaug og Halgeir Viken har fortalt Hallingdølen om dramaet dei opplevde då jordmassane knuste huset deira.
To i same skredet
Frå før er det kjent at våningshuset på eine Breie-garden vart tatt. Alle som budde i huset kom seg vekk frå plassen før raset gjekk. Det er omtalt tidlegare.
No viser det seg altså at også våningshuset på nabogarden gjekk med i same skredet. Etter det Hallingdølen er kjent med står deler av huset att, men tilbygget er borte.
Politiet har under vegs ikkje informert om at tre hus er tatt. Heller ikkje Ål kommune, før no.
Kaos
Det har vore mykje kaos i Ål etter at rasa gjekk og ei storstilt evakuering begynte, samtidig med at telefon og nett braut saman. Ordførar Solveig Vestenfor vart fyrst kjent med at også eit tredje hus var tapt, onsdag kveld.
Likevel er det fyrst i dag, fredag, kommunen har gått ut med informasjon om dette.
– Det er berre å beklage at det har teke så lang tid. Det er veldig dårleg frå mi side, eg legg meg flat, seier Vestenfor som har ansvaret for informasjon på vegner av kommunen.
Ho forklarar svikten med at all fokus har vore på å sørge for at alle evakuerte har blitt tatt hand om på ein god måte. I tillegg til at nett og telefon har vore ute av drift fram til torsdag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kvifor fekk ikkje kommunen kjennskap til det tredje huset før onsdag kveld?
– Det veit eg ikkje, men det kan ha vore misforståingar. Det seier noko om kaoset som oppstod då me mista både nett og telefon.
Vart evakuert
Dei som bur på Breie-garden som no viser seg å ha mista mykje av huset sitt, vart evakuert med helikopter før skredet gjekk. Dei har etter hendinga vore i tryggleik i nabokommunen Hol, saman med fleire andre frå Breie-området.
Ordføraren opplyser at så mykje som 1000 personar har vore evakuert i Ål.
Torsdag kunne mange reise heim til husa dei måtte forlate i all hast.
– Kan folk reise tilbake til Breie-området?
– Geologar var på staden torsdag kveld, og konklusjonen deira er at det ikkje er større fare for ras der no enn tidlegare. Det som hindrar folk no er infrastrukturen, der ein god del arbeid står att. Rett og slett å få opna Rv7, seier Solveig Vestenfor.
Artikkelen held fram under annonsen.