Sende ut nytt nødvarsel: Ber folk evakuere seg sjølv i Øystre Hol
Politiet har sett i gang evakuering av bebuarar mellom Åremyri til Høgehaug i Øystre Hol.
Folk blir bedne om å kome seg til Bygdahall på Hagafoss.
Dette vart gjort kjent gjennom eit nødvarsel rundt klokka 19.15 tysdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der står det at folk som oppheld seg aust for Seimsbrua skal evakuere seg sjølv og reise til Bygdahall. Personar som oppheld seg vest for Seimsbrua skal evakuere seg til Hol kommunehus, på Helling kafé.
Tidlegare i kveld var Hallingdølen i kontakt med Sør-Øst 110, som fortalde om store utfordringar med å ta seg fram. Blant anna vart det ein krevjande situasjon då eit hus vart tatt av jordras i Ål, og nødetatane ikkje kunne ta seg inn i området langs bakken.
Ein person hadde berga seg sjølv ut av huset, og vart henta ut med helikopter.
Jan Rundtom på Sør-Øst 110 ber via Hallingdølen om at folk tek ansvar for sin eigen situasjon om dei trur dei kan vere i fare.
– Folk må følgje med, og evakuere seg sjølv om dei meiner det er fare i området, seier han.
Det same formidla politistasjonssjef Brit Fyksen.
– Kommunane jobbar veldig bra med tanke på kva som potensielt kan skje. Men folk må ta vare på seg sjølv og ta dei forholdsreglar som må til. Er det ein risiko å vere der dei bur, må folk ta ansvar for seg sjølv. Me er opptatt av at ingen skal kome til skade, seier ho.
I Ål er det oppretta eit evakueringssenter på Kulturhuset. Jan Rundtom hjå Sør-Øst 110 seier det kan vere lurt å melde seg der for ålingar som har valt å evakuere seg sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det gir oss ein oversikt om noko skulle skje i eit område. Om nokon ser eit ras, føler dei er i fare eller er utrygge, forlat området for å vere sikker, seier han.
Utfordringa for nødetatane er at Hallingdal no er delt opp i fleire delar. Mange vegar er stengde, og nokre område er utilgjengeleg.
– Kor krevjande er dette for brannvesenet?
– Svært krevjande. Det er sjeldan me har så store hendingar samtidig i dette området. Men enn så lenge har me ressursar til å handtere det som skjer, seier Rundtom.
Brannvesenet har koordinert seg på Torpomoen for å ta hand om det som skjer sør for jordraset ved Strandafjorden i Ål og heilt ned til Flå. Samtidig har dei også sett stab på kommunehuset i Hovet for å koordinere alt som skjer på nordsida av raset.
Hallingdølen oppdaterer saka