- Sel smuglervarer til asylsøkjarar
Blir det selt smuglervarer til asylsøkjarar? Gry Herland er ikkje i tvil.
– Me har fått tips frå bebuarar om at dette skjer, seier Herland, som er dagleg leiar ved Hemsedal statlege mottak.
Salet skjer frå ein varebil som fleire gonger har parkert ved mottaket etter arbeidstid. Oftast laurdagar. Gry Herland er ikkje i tvil om at det er smuglarvarer som blir selt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mat og tobakk
– Det er matvarer frå både Sverige og Danmark. Det blir også selt røyk, men ikkje alkohol. Me ser på avfallet i søpla at dette ikkje er matvarer som blir produsert her i landet, seier Herland.
– Er bebuarane informert?
– Me har halde tordentaler for dei. Me vil ha slutt på dette. Men samtidig vil asylsøkjarane ha mest mogleg att for pengane sine.
Herland seier at ho ikkje har nokon mynde til å gripe inn.
– Eg har teke dette opp med politiet, for denne trafikken vil me ha slutt på, seier Herland.
Fekk det travelt
Ved asylmottaket i Torpo er det også observert sal av matvarer.
Ved eitt tilfelle gjekk ein tilsett bort til seljaren og spurte om han hadde løyve frå politiet. Det stadfesta han. Men då den tilsette ved mottaket hadde gått, fekk seljaren det svært travelt med å pakkene saman. Dette skjedde for omkring eitt år sidan.
Er obs
Nytilsett lensmann i Gol og Hemsedal og etterforskingsleiar i Hallingdal/Nore og Uvdal, Brit Fyksen, stadfestar at politiet har fått tips om det som foregår.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er kjent med dette og er merksame på det, seier Brit Fyksen.