Sauen i faresona
Det er ikkje berre framtida til villreinen som er uviss. Kva med sauehaldet og beitenæringa dersom Nordfjella må sanerast?
– Dette er ein vanvitig omfattande sak. Og forskarane ser ut til å vite like lite som oss, som eigentleg ikkje har greie på dette, seier Torkel Høgset, leiar i Fødalsdrifta beitelag.
– Ei katastrofe
Etter forrige vekes informasjonsmøte om hjortevilt og skrantesjuke på Torpomoen sit han, som mange andre, att med fleire spørsmål enn svar. Vil ei eventuell sanering vere eintydig med beitenekt for sau i Nordfjella?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Berre i Fødalen og Flæfjell har me kring 7000 sau, i tillegg til alle enkeltflokkar rundt om. Eg kan ikkje tenke meg at det går så langt som til beitenekt. Det ville i så fall vore ein katastrofe. Me har jo ikkje andre plassar å ha sauen, då må me berre slutte, seier Høgset.
Kva viss
Som kjend smittar skrantesjuke både direkte og gjennom miljø, og smitten trivst ekstra godt i jordsmonnet kring saltsteinsplassar. Difor oppfordrar Mattilsynet beitenæringa til å kome med høyringsinnspel til ei ny saltsteinsforskrift.
– Det vert prata om å gjerde inn saltsteinsplassane, ein stor og kostbar jobb. Me må gjere vårt for å informere om viktigheita av salting, seier Høgset.
– Kvifor salte?
– Får me ikkje bruke salt til sauen blir det mykje vanskelegare å halde dei i området. Saltsteinsplassane er naturlege samlingsplassar for flokkane, og fungerer som ei passiv form for gjeting.
Skrantesjuka i Nordfjella ser førebels ut til vere lik den Nord-Amerikanske. Dei to tilfella av skrantesjuke på elg frå Selbu er derimot ein hittil ukjend variant. Prionane som gjev skrantesjuke endrar seg over tid. Forskarar ser difor sanering som beste, og kanskje einaste, løysing for å forhindre at sjukdomen spreier seg vidare.
– Dette er heilt i det blå, og me må berre håpe og tru. No er det mykje uvisse blant sauebøndene, og det er vanskeleg å seie korleis situasjonen blir. Uvisse er det verste som finst, seier Høgset.