Satsar på Trytetjern
Nes kommune går i gang med å utvikle Trytetjernområdet.
Kommunen har overteke området på Nesbyen austside, og skal utvikle det som friluftsområde.
Teknisk utval i kommunen har vedteke å opprette eit treårig prosjekt med ein eigen prosjektorganisasjon. Eit medlem i teknisk utval, tre medlemmer frå brukargruppene og ein prosjektleiar frå administrasjonen samt ein sekretær skal utgjere prosjektgruppa. Gruppa skal planlegge, legge til rette for finansiering og gjennomføre aktuelle tiltak på Trytetjern. Teknisk utval gjer det klart at tiltaka så langt det er mogleg skal ha universell utforming. Prosjektgruppa skal også fremje forslag til ein permanente organisasjon som kan ha ansvaret for dagleg drift og utvikling av området etter at prosjektperioden er over.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trytetjern er eit populært rekreasjonsområde i Nesbyen. Det er alt lagt til rette for bading og fiske, og isbanekøyring om vinteren.