Sju skuterpatruljer vart sendt ut frå Gol og Hemsedal Røde Kors etter at 14 skiløparar vart meld sakna i fjellet tysdag. Det var kraftig vind og dårleg sikt. Natt til onsdag vart dei funne i god behald. (Illustrasjonsfoto)

Sakna i ni stormfulle timar

14 personar var sakna i Hemsedalsfjellet tysdag kveld. Dei vart funne i god behald natt til onsdag.

Det var eit reisefølje på 19 personar som la ut frå Harahorn hotell i Grøndalen tysdag i 1030-tida. Følgjet skal ha vore fjellvande folk frå Oslo, men dei vart likevel overraska over det dårlege vêret som utvikla seg. Fem av dei snudde og returnerte til hotellet. I 16-tida vart dei 14 andre meld sakna.

Politiet i Nordre Buskerud politidistrikt kan melde at dei alle vart funne i god behald ved 01-tida natt til onsdag. Dei hadde då tatt seg inn i ei fiskehytte ved Kringletjern. Mannskap frå Gol og Hemsedal Røde Kors frakta dei ut.