Så lenge det er elevar, er det håp
Tidlegare denne veka vart fordelinga av skuletilbodet for vidaregåande opplæring i skuleåret 2017/2018 vedteke.
– Eit breitt skuletilbod i heile fylket er det viktigaste me gjer for å sikre aktivitet i distriktet, seier Sissel Urke (V), leiar av hovudutvalet for utdanningssektoren i Buskerud fylkeskommune, i ei pressemelding.
Stor uvisse
Det har lenge vore uvisst om drama, idrett og medium og kommunikasjon ville bli vidareført.
Artikkelen held fram under annonsen.
I november i fjor foreslo fylkesadministrasjonen å behalde desse tilboda ved Gol vidaregåande skule, så lenge det er søkjarar nok til å halde ein halv klasse. Det er fleirtalspartia Arbeiderpartiet, Venste og Senterpartiet som no har vedteke denne løysinga. Dramalinja på Gol får halde fram, etter å ha vore nær nedlegging i lang tid. Naturbruk på Lien er som kjend berre sikra drift til juni 2018.
Vedtekne endringar:
n Halv klasse Vg2 Kokk- og servitørfag, Gol vidaregåande skule
Konverteringar og overføringar:
n Halv klasse Vg2 Medier og kommunikasjon til halv klasse Vg2 studieførebuande Medier og kommunikasjon, Gol vidaregåande skule
Nedlegging av klassar:
n Halv klasse Vg1 Naturbruk-fjellandbruk, Ål vidaregåande skole
n Halv klasse Vg2 Medier og kommunikasjon, Gol vidaregåande skule
n Halv klasse Vg2 Landbruk og gartnarnæring, Ål vidaregåande skole
Artikkelen held fram under annonsen.
n Halv klasse Vg2 Studiespesialisering, Gol vidaregåande skule