Rv7 viktigast for lokalt næringsliv
Det er kring 2500 arbeidsplassar knytt til næringsliv langs Rv7 mellom Gol og Voss. Utan hovudvegstatus kan mange av dei gleppe.
Kva vil val av Rv7 eller Rv52 som hovudveg gi av mogelegheiter og avgrensingar for lokalt og regionalt næringsliv? Statens vegvesen har stilt dette spørsmålet til Asplan Viak, som førebels peikar på Riksveg 7.
Det vil truleg har størst positiv effekt for eksisterande næringsliv mellom Gol og Voss å styrke denne. Omvendt blir dei negative konsekvensane for næringslivet størst av Rv52 som hovudveg.
Artikkelen held fram under annonsen.
For tidleg å konkludere
Statens vegvesen presenterte denne veka ei rekkje analysar som kvar for seg kastar lys på ulike konsekvensar av å velje Rv7 (Hardangervidda) eller Rv52 (Hemsedalsfjellet) som ein hovudveg mellom aust og vest, i tillegg til E134 (Haukeli).
Vegmyndigheitene er klare på at materialet ikkje er kvalitetssikra og at ein meir må sjå på dette som ei «statusoppdatering» enn som ein fasit.
«Lokale og regionale virkninger kan IKKE summeres», heiter det i presentasjonen som Øyvind Sundfjord og Ingvild Nordtveit frå konsulentselskapet som la fram analysen måndag.
Vegvesenet vil først kome med sin konklusjon 1. september.
Det er uansett ikkje Vegvesenet som avgjer, og det er summen av ei rekkje analysar som vil liggje til grunn når Stortinget gjer sine val om eit års tid (jf. Hallingdølen 21. og 23. juni).
Det blir også eit spørsmål kor mykje lokale og regionale verknader vil bli lagt vekt på.
Fleire er avhengig av Rv7
Asplan Viak har sett på verknader av 1) vintersikker veg og 2) redusert reisetid. Den vegen som bli valt som hovudveg vil få begge delar.
Det som gjer at Rv7 får pluss i margen er at det i dag er knytt mest næringsaktivitet og flest arbeidsplassar til denne strekkja. Går trafikken og vegstandaren ned, vil driftsvilkåra bli redusert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er rekna kring 1000 personar som er heilt eller delvis avhengig av trafikk (transportsensitive næringar) langs Rv7 frå Ål-Granvin, mens talet er vel 700 langs Rv52 frå Hemsedal-Gudvangen. Områda Gol (500) og Voss (1000) kjem i tillegg i begge alternativa.
Vintersikker veg er viktigast
Ein førebels konklusjon frå Asplan Viak er at effekten av vintersikker veg vil bety mest for næringslivet langs Rv7.
Å sikre 1) vinterope veg på Rv7 vil ha størst positiv effekt i marknaden for kurs- og konferansar, fritidsbustad og kortare feriebesøk på til dømes resort i regionen.
Når det gjeld 2) innkorting av reisetid for reiselivet vil det slå ut positivt for begge vegalternativa.
Vintersikker veg er viktig
Det er altså vinterregulariteten som kan bli tunga på vektskåla. Analysen så langt viser at både Voss, Hol, Eidfjord og Nore og Uvdal lir mest dersom Rv52 blir hovudveg og Rv7 blir vinterstengd.
Det er i hovudsak berre Sogndal og Årdal som vil oppleve stor ulempe dersom Rv7 er hovudveg og Rv52 skulle vere vinterstengd.
Reint statistisk er vinterstenging og kolonnekøyring i dag eit mykje større problem på Hardangervidda (14 prosent) enn over Hemsedalsfjellet (4 prosent).
På bakgrunn av alt dette vil Rv7 som hovudveg slå ut best både for gjennomgangstrafikken, eksportretta næring og reiselivet, mykje fordi det er fleire aktørar som vil merke ulempene ved å velje Rv52.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik ser Asplan Viak for seg at trafikken lokalt og regionalt vil bli endra (ÅDT*) i 2050 med dei ulike vegalternativa.
* Utbygd Rv7
Gol + 2500
Eidfjord +1800
Hol + 1500
Nes + 600
Hemsedal - 100
Lærdal -500
Kongsberg -1000
* Utbygd Rv52
Lærdal + 1600
Hemsedal + 1500
Gol + 1250
Nes + 400
Kongsberg -250
Eidfjord -500
Hol - 600
* Differanse i favør av vegalternativ:
Gol +1250, Rv7
Eidfjord + 1300, Rv7
Hol + 900, Rv7
Nes + 100, Rv7
Kongsberg +750, Rv52
Hemsedal + 1600, Rv 52
Lærdal + 2100, Rv52
*ÅDT = årsdøgnstrafikk = talet på køyretøy per døgn)