Trafikkulykke stengde Rv7 i Ringerike

Ein person er alvorleg skadd etter ei trafikkulykke mellom Veme og Sokna i Ringerike. Rv7 opna att etter å ha vore stengt i halvannan time.

Hendinga skjedde like før klokka 15 fredag og Rv7 har var stengt fram til like før halv fem.

Ulykka var mellom to bilar som kolliderte. Tre personar var involvert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det for tidleg å seie noko om når vegen vil opne, sa operasjonsleiar hjå politiet søraust, Espen Reite klokka 15:45 til Hallingdølen.

– Ein person er alvorleg skadd og blir omprioritert til luftambulanse. Kor denne vil lande er uvisst, fortalde han.

Ulykka skjedde midt mellom Sokna og Veme og det var avgrensa omkøyringsmoglegheiter.

– Men bergingsbil er på veg og intensjonen er å opne vegen så fort som mogleg, sa Reite.

Klokka 16:20 melde politiet at vegen var open igjen.

For siste trafikk-oppdatering klikk her