Russen med oppgjer mot netthets
Årets russetog var fullt opp med plakatar, men det var bodskapen i russetalane som var skarpast.
For femtiande gong toga Hallingrussen gjennom Gol sentrum 17. mai. Utviklinga har vore særleg stor når det kjem til lydanlegg, med det resultat at russen til ein viss grad overdøyvde seg sjølv i toget.
Bodskapen vart først tydeleg under russetalen. Då var det nok fleire blant publikum som fekk noko å tenkje på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Svara på hærverk-kritikken
Hallingrussen 2016 er neppe verre enn andre kull, men dei er mange. 200 totalt. Det er sjeldan stort til Hallingdal å vere.
For ein månads tid sidan resulterte blant anna årets russedåp i eit øydelagt vindauge på ei leikestove i ein barnehage nær dåpsplassen. På Facebook vart russen oppmoda til å rydde opp. Oppmodinga vart, som mykje anna i våre dagar, følgd opp med kommentarar, «likes», «dislikes» og hundrevis av delingar.
Dette fall tydelegvis russen tungt for hjartet. Hanne Rekdal, russepresident på Ål vidaregåande skole, vedgjekk i tala til medrussen at sjølvsagt gjer også dei feil.
– Men vis heller forståing og hjelp oss, enn å peike på oss som eit samfunnsproblem. Gi oss rettleiing, heller enn å kritisere oss, sa ho. Presidenten på Gol vidaregåande skule, Emil Løstegård følgde opp.
– Vaksne snakkar om nettvett, men ironisk nok er ikkje vaksne betre sjølv. Det er ikkje greitt å skjære alle i ei gruppe over ein kam, sa han.
Litt om toget
Dermed fekk også fleire av plakatane i toget konteksten som gav meining.
Kva elles var årets russ oppteke av? Sjølvsagt av det å vere russ og ha ei fin russetid. Men også Janteloven, og det å stikke seg fram. NRK sitt ungdomsprogram «Skam», som tydelegvis er like populært blant foreldregenerasjonen. Brakar og busstilbodet i dalen. Kommunesamanslåing, for å få større kommunar og større ordførarar. Og bitte litt miljø.
Elles var det mykje «sjå og bli sett». Og i alle fall høyrt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt rettleiing
Om ein skulle våge seg på litt rettleiing (og råd for komande generasjonar) måtte det vere at det vart litt mange russ på biltak, litt mange tettskrivne plakatar som fauk for fort forbi, og at musikk som regel ikkje blir betre av å skru volumet opp.
Og om russen skulle ta dette som kritikk, får det så vere. Har Rekdal rett er russekullet proppa fullt av sterke personlegdomar. Då taklar dei det, slik ein skulle tru dei taklar «dislikes» på Facebook.
Og gjer dei som Løstegård oppmoda om i slutten av sin tale, kjem mange av dei også tilbake til Hallingdal «for å vere med å byggje dalen vidare», som han sa. Dei må berre få prøvd seg litt ute i verda på eigehand først.
Sterke personlegdomar, som toler kritikk, det vil alle ha. Velkomne tilbake.