Rukkedøla renn over vegen i Rukkedalen. Vegen er stengt.

Rukkedalsvegen stengt: – Berre eit tidsspørsmål før det byr på meir problem

Fylkesvegen mellom Nesbyen og Tunhovd er stengt ved Gudbrandsrudkrysset.

– På grunn av stor vassføring, vatnet går over vegen, opplyser avdelingsleiar i Presis Vegdrift Stian Brenna.

Selskapet er på veg til området med maskinar, for blant anna å sikre at stikkrenner fungerer som dei skal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tvilar likevel på om vegen blir opna att med det fyrste, når me ser dei store vassmassane som er i sving, seier Brenna.

Han fortel at alle vegar elles i Hallingdal er opne, foreløpig.

– Det går stort sett greitt rundt om i Hallingdal, men det er fare for at det blir stengt over Rv7 i Nesbyen etter kvart. Alle vegar er opne, men det er stengt i Rukkedalen på grunn av stor vassføring.

Det er stadig meir vatn i elver og bekkar rundt om i dalen, og Brenna ser ikkje bort ifrå at det vil by på nokre utfordringar utover dagen.

– Med aukande vassføring og at det går mykje vatn i alle stikkrenner, er det berre eit tidsspørsmål før det byr på meir problem. Men det er jo sjølvsagt berre spekulasjonar, enno, seier Brenna.

Ras og stengde kommunale vegar

Uteseksjonsleiar i Nesbyen Kommune, Knut Erik Vinje fortel at Gudbrandsrudvegen også er stengt.

– Ein liten bekk har vorte ei stor elv, den har gått over sine bredde kan ein vel si. Vegen har reist. Det er entreprenør på staden.

Planen er at dei skal få opna denne vegen att mellom klokka 17 og 19 tysdag kveld. Men Vinje fortel i etterkant at det renner for mykje vatn i dette området og at vegen vil fortsatt vere stengt i kvart fall til onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire plassar i kommunen har det vorte noko hovudbry på grunn av vassmengda. Liavegen i Eidal var stengt for same grunn, men denne har kommunen vore å fiksa att. Vegen her er open att.

Ras ved Sundet i Nesbyen

Vinje fortel at det har gått nokre småras ved Gjeitsund i Nesbyen. Kommunen er på plass med entreprenørar også her.

– Her er også vegen stengt. Det har gått nokre ras tidlegare i dag, men me har kontroll. Skredekspert har vore å friskmeld plassen, og me har sett i gang arbeid for å opne vegen att. Her er planen å kunne opne innan klokka 17 i dag, fortel Vinje.

Fylkesvegen mellom Nesbyen og Tunhovd er stengt ved Gudbrandsrudkrysset.

Det er stadig meir vatn i elver og bekkar rundt om i dalen, og Brenna ser ikkje bort ifrå at det vil by på nokre utfordringar utover dagen.

– Med aukande vassføring og at det går mykje vatn i alle stikkrenner, er det berre eit tidsspørsmål før det byr på meir problem. Men det er jo sjølvsagt berre spekulasjonar, enno, seier Brenna.

Bane Nor melder elles at togtrafikken på Bergensbanen er innstilt mellom Hønefoss og Myrland.