Rørby (Sp) i Hemsedal: – Me har gått høgt ut og sagt at me skal ha ordføraren
Pål Rørby (Sp) er trygg på å bli ordførar etter eit brakval i Hemsedal. Men Andreas Smith-Erichsen (H) varslar hard kamp om klubba.
– Dette er heilt fantastisk, seier ein nærmast skjelven Rørby til Hallingdølen.Resultata i Hemsedal tikka inn rett etter midnatt, til jubel i Sp-leiren: Partiet er klart størst i bygda, med 34,1 prosent. Det er 9,4 prosentpoeng opp frå forrige val, og gir seks mandat i kommunestyret – to fleire enn dei har i dag.
– Om dette held seg no, så må eg seie me er valvinnar så det ljomar etter, seier Rørby. Det endelege valresultatet blir klart tysdag kveld: Det står enno att rundt 60 førehandsstemmer som skal teljast opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjenner seg trygg
Høgre gjorde også eit sterkt val i Hemsedal. Dei enda på 25,2 prosent, ein framgang på heile 6,9 prosent frå forrige val.
– Det er eit fantastisk oppsving. Me hadde håpa å få fire mandat i kommunestyret, no ligg me an til fem, seier ordførarkandidat Andreas Smith-Erichsen.
Pål Rørby registrerer Høgres gode valresultat, men er nøgd med at Senterpartiet er større.
– Kva tenkjer du om ordførarvervet no?
– Me har gått høgt ut og sagt at me skal ha ordføraren. Og med dette resultatet så skal det litt til å finne ein ordførar frå eit anna parti enn Sp, når me er såpass store, seier Rørby.
– Føler du deg trygg på å bli ordførar?
– Ja, det gjer eg.
– Det kan gå
Smith-Erichsen er ikkje heilt samd i det. Han seier Høgre langt på veg er optimistar no, etter såpass god oppslutning.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir ei spennande konstituering. Me registrerer, og gratulerer, Senterpartiet med eit godt val. Men dette er på ingen måte køyrt. Dette kan faktisk gå, seier han.
– Du har ikkje gitt opp kampen om ordførarvervet?
– Nei, nei, nei, nei. Andre runde begynner no. No må me sjå på kven som skal samarbeide med kven, seier han.
Både Rørby og Smith-Erichsen varslar at dei vil gå rett i samtaler med dei andre partia i Hemsedal. Dermed er det duka for ein god, gamaldags hestehandel.
– Me må sjå om det går an å bygge ei blokk som er sterk nok til å ta sentrale posisjonar, seier Smith-Erichsen.
Nedtur for Ap og Bygdelista
Arbeiderpartiet med Helene Sagabråten i spissen vart tredje største parti, med 13,3 prosent av stemmene. Det er ein tilbakegang på 2,4 prosent frå sist val, og dei mistar også eit mandat i kommunestyret. Bygdelista gjorde eit dårleg val, og gjekk tilbake heile 9,9 prosent. Frå tre mandat denne perioden, er dei no nede i berre eitt. Også KrF, SV og Venstre ser ut til å få eit mandat kvar i kommunestyret, men det er altså før dei siste knappe 60 førehandsstemmene er talde opp.