Ringer folk som bur rasutsett og tilbyr andre bustader: – Me kan ikkje gamble her
Nesbyen kommune tek ingen sjansar. Måndag ettermiddag får enkelte innbyggarar tilbod om alternativ bustad.
Ordførar Tore Haraldset seier kommunen vil vere føre var.
– Me gir eit tilbod om alternativ bustad til nokre få husstandar i rasutsette område. Me skal orienterer dei om situasjonen. Kommunen kan ordne husvære, eller dei kan ordne dette sjølv viss dei vil bort frå området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Haraldset stadfestar at det er bebuarar langs Alfarvegen i botnen av Arnegårdlia det gjeld.
– Ja, dei vil bli ringt opp i løpet av måndag. Me følger situasjonen tett framover. Dette er for å vere heilt på den sikre sida.
– Ikkje gamble
Det er skredhistoria i dette geografiske området som set kommunen i alarmberedskap. Arnegårdlia på vestsida av dalen er ekstremt rasutsett. Her har det gått mange store skred siste 15 åra.
Til alt hell utan menneskelege skader. Men meldinga frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og andre skredekspertar er klar:
Det kjem nye ras ein gong i framtida. Tidspunktet er umogleg å vite. Men det er liten tvil om at det kraftige regnet med ekstremvêret «Hans» gir auka risiko.
– Me ligg i eit rasutsett område, seier Haraldset.
– Me kan ikkje gamble her. Rasfaren er verste for oss, me er ikkje så redde for flaumen. Det er ras me har merksemda retta mot.
Krisestab
Kommunen sette krisestab måndag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er på høgaste nivå på flaum og ras. Er det nokon gong me skal sette krisestab, er det no, meiner ordføraren.
Haraldset seier kommunens krisestab følger situasjonen tett og skal ha fleire møte dei kommande timane.
Samtidig varslar Hafslund Eco at vasstanden i Hallingdalselva vil auke dei neste timane og fram mot onsdag. Det er ikkje godt nytt i Nesbyen.
Etter møtet måndag ettermiddag, er dette hovudpunkta kommunen har arbeidd med:
* Oversikt over mannskap og materiell.
* Entreprenøren kommunen har rammeavtale med, er kontakta.
* Teknisk etat går over kommunale vegar med stikkrenner.
* Flaumutstyr er klargjort.
Artikkelen held fram under annonsen.