Rimeleg ombygging til barnehage
Utviklinga siste tida viser at Ål framleis er i mangel av barnehageplassar.
Nedlegging av Sando som skule, kan opna for ein ny barnehage, utan store etableringskostnader. Ei ombygging til barnehageføremål kan gjerast for om lag 2 mill. kr, syner utgreiinga.
Årstiderne Arkitekter har sett på lokala og presenterer to mogelege løysingar. Det er ikkje nødvendig med store ombyggingar for å gjere om skulen til barnehage.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativa til Sando kan vera å byggje ei ny avdeling ved Skattebøl barnehage, byggje ny barnehage i sentrum, eller satse på privat løysing. I tillegg til gode rom har Sando eit uteområde som enkelt kan tilpassast barnehagedrift. Det er ikkje gjort nøyaktige vurderingar av driftskostnader for ein ny toavdelingsbarnehage i Sando, men utgiftene ligg truleg ein stad rundt 3 mill. kr.
Barnehagedrift vil bidra til at grendehusfunksjonen kan førast vidare sjølv om skulen blir lagt ned, seier arbeidsgruppa i rapporten sin.