Riksveg 7 stengt forbi Nesbyen
Riksveg 7 forbi Nesbyen er stengt på grunn av flaum. Omkøyring forbi Nesbyen sentrum er skilta.
Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Vegen er stengt etter at Hallingdalselva har stige kraftig ut over natta. Det er no omkøyring frå Svenkerud via Nes austside til Nesbyen sentrum og Allfarvegen fram til Nesbyen Auto.
Det varme vêret dei siste dagane har sett fart på snøsmeltinga. Mange av sideelvene til Hallingdalselva går no flaumstore. Det gjeld mellom anna Rukkedøla i Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I området der Rukkedøla møter Hallingdalselva ligg store deler av jorda under vatn. Også deler av Nesflata og heile markedplassen på Nesbyen ligg under vatn.
Skadeomfanget på markedsplassen er uklart. Dette vil fyrst kome for ein dag når flaumvatnet er borte.
Liodden
Eit anna område som er hardt ramma er Liodden camping aust for Nesbyen. Store deler av campingplassen ligg under vatn. Ved fleire av campinghyttene står flaumvatnet bokstavleg tala på dørstokken. Flaumen har også sperra den vanlege innkøyringa til campingplassen.
Rukkedøla går som sagt flaumstor, men førebels er det ikkje kritisk ved Hajembrua i sentrum. Dette er eit kritisk punkt. Dersom brua ikkje greier å ta unna for vatnet, kan det fløyme inn i sentrum.
Kvinda og Bergsåne
I Ål har elva Kvinda skapt problem. Deler av elva har tatt nytt løp inn ein hage ved Vangen. Vatnet renn no vidare ut på gangvegen og attende til hovudløpet.
Også Hovet er ramma av flaumen. Deler av elvekanten i Bergsåne ved Sunnhov er rasa ut på grunn av dei store vassmengdene i elva. Vassføringa var på det høgaste i natt, men ifylgje naboane går elva framleis flaumstor.
Stor spenning
Vatnet stig også i Krøderen. Klokka åtte fredag morgon vart vass-standen i Krøderen målt til 134,5. Ein har dermed passert nivået for femårsflaum med god margin, som er 134,33. Ein vasstand på 134,63 er rekna som tiårsflaum, mens femtiårsflaum er 135,23, ifølgje NVE.
Den store spenninga no er kva som vil skje vidare ut over dagen. Ifylgje NVE (Norges vassdrag og energidirektorat) er det venta at vassføringa vil stige i fleire av vassdraga. Det er framleis mykje snø att i fjellet.