Ingar Nergård er driftsoperatør ved kloakkreinseanlegga i Hemsedal. Han minner om at ribbefeitt, smult og anna feitt ikkje bør ut i avløpsrøyra.
Ingar Nergård er driftsoperatør ved kloakkreinseanlegga i Hemsedal. Han minner om at ribbefeitt, smult og anna feitt ikkje bør ut i avløpsrøyra.

Ribbefeittet skal ikkje i vasken

Me vil ikkje ha ribbefeittet i røyra våre. Det seier Ingar Nergård. Han driftsoperatør ved dei kommunale kloakkreinseanlegga i Hemsedal.

Høgsesongen for feit mat nærmar seg. Ikkje alt feittet bli konsumert. Heldigvis. Då er de lettvint å spyle det overflødige ned i vasken eller i toalettet.

– Hugs at feittet størknar når det blir kaldt. Då blir det liggande anten i avløpsrøyra i huset, i ledningen ut frå huset, eller i det kommunale ledningsnettet, åtvarar Ingar Nergård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han anbefaler å helle flytande feitt over i til dømes ein tom drikkekartong. Både dette og størkna feitt kan forlate huset samen med det andre hushaldningsavfallet.

Problemavfall

Feitt i røyra blir problematisk når det blir avkjølt og størknar. Ute i reinseanlegga må dei tilsette frå tid til annan skjere vekk feitt som har størkna på veggane i reinsekara, eller i ulike røyr.

– Problemet er like stort for den enkelte huseigar. Mykje feitt i avløpet kan over tid føre til at røyr går tett. Då er det fare for vasskadar. Uansett blir det utgifter med å få opna avløpet.

Høgsesong

Jul og nyttår er dobbelt høgsesong for dei tilsette i avløpsbransjen. – Det er fulle hus i Hemsedal. I tillegg blir det laga meir feit mat no enn elles i året. Me må handtere både store mengder generelt og mykje feitt, seier driftsoperatøren.

Han minner og om at ei anna ekkel side ved dette er at røyropplegg med mykje feitt kan gje gode kår for rotter. – Me har ikkje problem med rotter no, men det er kjent utfordring andre stader, fortel Ingar Nergård.