Rekordstor interesse i hyttemarknaden

Medan mange bedrifter slit i kjølvatnet av eit stengt samfunn, har interessa for fritidsbustader eksplodert. - Rekordnivå, seier analytikarar, meklarar og utbyggarar.

Koronakrisa har ført til historisk høg arbeidsløyse og økonomisk krise for norsk næringsliv. Likevel går det mot rekordår for hyttemarknaden landet over. Færre utanlandsreiser kombinert med gunstig rentenivå er blant faktorane som bidreg til den auka interessa for å kjøpe hytte i Norge.

Det er høg aktivitet i hyttemarknaden landet over. Her frå bygging av hytter i Turufjell i Flå.

– Alt før koronakrisa viste vår halvårlege analyse at om lag 100.000 nordmenn planla å kjøpe hytte i nær framtid. Det er rekordnivå, seier Bjørn-Erik Øye frå Prognosesenteret. Dei arbeider med å levere marknadsanalysar til bygge-, anleggs- og eigedomssektoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vekst i fjellet

Etter den lovande analysen skulle det likevel skje store endringar. Som ei følgje av koronaviruset vart dørene til Hallingdal nærast stengde på dagen.

– Det var veldig usikkert korleis dette ville ende, og det vart ein spesiell diskusjon. Det såg nesten ut som kommunane ikkje ville ha folk i det heile tatt. Heldigvis virkar det ikkje som dette har sett nokon spor, seier Øye. Han meiner likevel at debatten rundt hyttetrafikk og overbelasta lokale tenester kan ha virka inn på interessa for hytter i Hallingdal.

Les også
Gjev ferieparken løyve til å bygge fire hytter

– Dersom folk mistenkjer at resultatet blir færre godkjende reguleringsplanar i framtida, kan det vere fristande for folk å handle raskt før talet på bygging eventuelt går ned, seier han. Det er likevel god rente og avgrensa moglegheiter for å reise utanlands i tida framover som er dei viktigaste faktorane. Øye forklarar vidare at medan interessa har auka mest ved sjøen, ser ein også vekst i fjellet der prisnivået ligg lågare.

– Mange av dei som startar med å utforske moglegheitene ved sjøen, vil nok hamne ut på fjellet, seier han.

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret spår eit godt år for hytteseljarar. For kjøparane blir det derimot tøff kamp.

– Korleis har dette verka inn på prisane?

– Me ser at fjellhytter over 800 moh. har hatt ein prisvekst på ni prosent dei fire første månadene i år samanlikna med dei fire første i fjor. Held dette fram, ser det svært lyst ut for seljarar, seier Øye.

Sterkaste mai nokosinne

Dagleg leiar i Eiendomsmegler 1 Fjellmegleren, Gjermund Svendsen-Rosendal, fortel om ein rekordsterk mai månad.

Les også
Rønneberg byggjer Haraldhytta i Uvdal

– Me har sett den sterkaste mai nokosinne, og me har halde på i over 15 år. Først lurte eg på om det var ein rekyl frå april, då alt var stengt. Men interessa verkar å vara ved, seier han. Trykket er stort over heile linja, også på dei dyrare hyttene. Rosendal meiner at det å ha basen og tryggleiken i ei hytte som kan brukast heile året er viktig for mange, særleg i situasjonen me no er i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg ser me at renteeffekten spelar inn. Renta ser ut til å vere låg lenge, fortel han. Fjellmegleren melder om at salet i mai har dobla seg frå same månad i fjor.

Nye trendar

Turufjell AS i Flå fortel også om ei eksplosiv interesse for fritidsbustad i mai månad, og 5. juni 2020 har dei alt utklassa fjorårets juni.

Les også
– Alle skjønar at me ikkje kan bygge hytter til himmelen

– Me opplever ei vanvitig interesse for fritidsbustader. Det er heilt openbert at mange både ynskjer, og må, feriere i eige land, seier styreleiar i Turufjell AS Håvard Staff Brenno. Dei har vore på marknaden i berre 18 månader, men har no passert 100 selde tomter.

– Etter at hytteforbodet var oppheva har me hatt visning kvar einaste helg. Det har me ikkje opplevd før, fortel Brenno. Han peikar på ein ny trend, som også Rosendal i Fjellmegleren har merkt seg.

Håvard Staff Brenno er styreleiar i Turufjell AS. Dei melder om rekordstor interesse for hytter i mai og juni.

– Me ser stadig yngre kjøparar, og det er nytt. I tillegg er det langt fleire som ynskjer å dele hytte, både familiar og vennepar, seier Brenno. Han fortel at aktiviteten dei ser på Turufjell overstig forventningane dei har hatt som relativt ny aktør på marknaden.

– Me ser veldig positivt på tida framover.

Det byggast for fullt i Turufjell, som i likskap med resten av landet opplev ei enorm interesse for fritidsbustadar om dagen.
Les også
Vil teste ut bildeling i Hallingdal
Les også
Vil ha eigen krisepakke for reiselivet
Les også
– Kva skal me leve av i framtida?