Kven som kan ha køyrd frå den skadde elgen sør for Flå sentrum er uvisst. (Arkivfoto)
Kven som kan ha køyrd frå den skadde elgen sør for Flå sentrum er uvisst. (Arkivfoto)

Reiste frå påkøyrd elg

Ein skadd elg låg med store smerter i over ti timar natt til fyrste juledag.

Viltnemnda i Flå vart varsla av politiet tysdag rundt klokka 09.30. Elgen låg ved Rv7 rundt fire kilometer sør for Flå sentrum. Viltnemnda fekk avliva elgen i løpet av ein halvtime, fortel leiar for ettersøksgruppa, Kjell Sævre.

– Elgen vart truleg påkøyrd ein eller annan gong før midnatt. Begge bakbeina var køyrd over og kappa tvers av. Elgen hadde krafsa seg 10–15 meter frå vegen. og der låg den, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forkasteleg

Han anslår at elgen var ein okse på rundt to og eit halvt år. Dyret var framleis i live, og hadde prøvd å reise seg, men knakk saman att.

– Det er aldeles forkasteleg at nokon køyrer på ein elg utan å melde frå. Slike burde miste førarkortet etter mi meining. Det er greitt nok at verdiane i kjøtet blir borte, men tanken på lidingane er det verre med. Det var store mengder blod, og det hadde rima og fryst. Ille at slikt skal skje, synest Sævre.

Ikkje vanleg

Etter at elgoksen vart avliva, vart den køyrd til Vassfaret Bjørnepark der den blir brukt som dyrefor.

– Er det vanleg at folk ikkje melder frå?

– Nei, det har eg berre opplevd ein gong før på dei 20 åra eg har halde på. Som regel er folk veldig flinke, og melder frå, fortel han.

Melder ein frå til politiet etter ein elgpåkøyrsel, kan nemnda vera på staden i løpet av 20 minutt, fortel Sævre.