Sissel Urke (V).
Sissel Urke (V).

Reagerer på hemmeleghaldet

Helsepolitikarane i Ål reagerer på at styret i Vestre Viken HF ikkje har fått kjennskap til innhaldet i konsekvensanalysen om å leggje ned sengeplassar ved Hallingdal sjukestugu.

Onsdag skal styret i Veste Viken HF avgjera lagnaden til Hallingdal sjukestugu gjennom å vedta eit budsjett for 2012. Det skjer utan at fleirtalet i styret kjenner innhaldet i ein konsekvensanalyse av å kutte seks sengeplassar ved sjukestugu.

Ikkje pengar til drift

Administrasjonen i Vestre Viken HF ønskjer å gjennomføre dramatiske kutt i løyvinga til somatisk døgnavdeling. Først vart det kjent at det blir kutta 6 mill. kroner. Førre fredag smalt bomba om at Vestre Viken HF vil kutte ytterlegare 8 mill. kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor hadde avdelinga på Ål eit driftsbudsjett på vel 17 mill. kroner. Med eit kutt på til saman 14 mill. kroner er det ikkje grunnlag for å vidare drift.

Styremøtet i Vestre Viken HF er difor ein lagnadstime både for tilsette ved somatisk avdeling på Ål og pasientar i Hallingdal.

Regionrådet i Hallingdal seier det er uråd for kommunane å dekkje budsjettkutta frå Vestre Viken HFa. Med eit driftsbudsjett på 3 mill. kroner i 2012 betyr det i praksis at avdelinga blir lagt ned.

Internt dokument

Etter det første kuttet på 6 mill. kroner vart varsla, vart det på oppdrag av direktør for medisinsk klinikk ved Vestre Viken HF, Britt Eidsvoll, utarbeidd ei risikovurdering. Denne tek for seg dei sannsynlege konsekvensane av å leggje ned 6 sengeplassar. Men dokumentet er stempla «internt» og blir halde hemmeleg.

– Ja, eg kan stadfeste at eg har spurt prosjektleiar i Hallingdal Lokalmedisinske Senter, Reidar Aasheim, om å få lese rapporten. Eg fekk til svar at dette er eit internt dokument, seier helsesjef i Ål kommune, Karsten Dideriksen.

Bør få all tilgjengeleg informasjon

Heller ikkje styret, som skal vedta budsjettet, har fått innsyn i rapporten. Rapporten er ikkje lagt ved som eit saksdokument til budsjettvedtaket.

Hemmeleghaldet var tema under eit møte i sektorutval for helse og sosial i Ål kommune tysdag.

Sissel Urke, leiar i sektorutval for helse og sosial i Ål kommune, seier at utvalet ser svært alvorleg på at rapporten ikkje er lagt ved som eit sakspapir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss styret skal bestemme om Hallingdal sjukestugu skal leggjast ned, burde det i alle fall fått tilgang på all tilgjengeleg informasjon, seier ho.

Under bordet

Under møtet i sektorutvalet kom det informasjon om at to av styret sine representantar under bordet har fått dokumentet tilsendt. Dette gjeld nestleiar i styret for Vestre Viken HF, Oddvar Grøthe, som også er regionrådsordførar for Hallingdal, pluss ein tilsett-representant.