Raudgrønt samarbeid
Verv og posisjonar er framleis ikkje avklara i Nore og Uvdal.
Men etter det Hallingdølen kjenner til, er det klart for eit raudgrønt samarbeid.
Det meste skal vere avklara torsdag kveld. Men det som er sikkert er at Eli Hovd Prestegården (Sp) held fram som ordførar etter partiets kanonval. No forhandlar Senterpartiet med Arbeiderpartiet i ein blokk der også SV er med. Blokken tel 16 av 23 representantar.