Ingrid Knaldre har ansvar for å merke biffane med rett etikett. Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus i bakgrunnen.
Ingrid Knaldre har ansvar for å merke biffane med rett etikett. Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus i bakgrunnen.

Raseskilje i kjøtdisken

– Forbrukarane er opptekne av at matvarene skal ha ei historie. Dei vil vite kva storferase biffen kjem frå.

Det seier salsdirektør Torleif Bjella i Nortura. Dei siste åra har Nortura lansert ulike nisjeprodukt. Det beste lammekjøtet går under merkevara «Lam frå Hallingskarvet». Slakteriet har også hatt suksess med serien «Langtidsmørnet biff». No vert serien relansert.

Avla for god biff

Nysatsinga går ut på å merke biffen med kva storferase kjøtet kjem frå. Det er fem europeiske storferasar som blir brukt i serien, Limousin, Charolais, Simmentaler, Hereford og Aberdeen Angus. Dette er rasar som er avla fram for kjøtproduksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om mange forbrukarar ser mest på prisen når dei handlar mat, er ei stadig større gruppe er opptekne av kvaliteten.

– For ein del forbrukarar er det det same, men ei pølse er ikkje berre ei pølse og ein biff er ikkje berre ein biff, seier Bjella.

Biffane som no vert lansert, er toppsatsinga til Gilde. Dette er gourmetkjøtt som blir selt til ein høgare pris. Serien blir berre å finne i utvalde butikkar.

Torleif Bjella.
Torleif Bjella.
Kvart fjerde biff i norske kjøtdiskar er importert, men i produksjonshallen på Nortura går det i kortreist kjøt. Tom Arild Grøthe (t.v.) skjer biffar med skarp reiskap. Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus (t.h.).
Kvart fjerde biff i norske kjøtdiskar er importert, men i produksjonshallen på Nortura går det i kortreist kjøt. Tom Arild Grøthe (t.v.) skjer biffar med skarp reiskap. Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus (t.h.).
Langtidslagra biffkjøt merka med rase.
Langtidslagra biffkjøt merka med rase.
Christian Viken (t.v.) og Tom Arild Grøthe.
Christian Viken (t.v.) og Tom Arild Grøthe.

– Ja, det skal vere litt eksklusivt, innrømmer han.

Spennande

Ifølgje Bjella er trenden at forbrukarane er opptekne av å få kunnskap om det produktet dei kjøper.

Han seier det er stor skilnad i feittmarmorering og kor møyrt kjøtet er, og får støtte frå fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus ved Nortura på Gol.

– Dei ulike rasane har forskjellige eigenskapar som ein del forbrukarar synest det er spennande å lære meir om, seier ho.

Må importere

Det samla talet på storfe i Norge går ned. Berre i fjor vart det 3000 færre mjølkekyr i Norge. Samstundes gjekk talet på ammekyr til kjøtproduksjonen opp med 1000 dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er likevel langt frå nok til å dekkje etterspørselen, for forbruket av storfekjøt går opp, seier Bjella.

Kvar fjerde biff i norske kjølediskar er i dag importert frå utlandet, men det er ingen grunn til at det treng å vere slik.

Kortreist

Bjella meiner Hallingdal har alle føresetnader for å produsere førsteklasses storfekjøt.

– Me har masse utmarksbeite der dyra har tilgang på reint vatn, grønt gras og friske urter. Det gjev førsteklasses kjøtkvalitet. I tillegg hindrar dyra attgroing ved å beite i kulturlandskapet, seier han.

Han meiner dei som legg ned mjølkeproduksjonen bør vurdere å starte med ammekyr.