Politiet måtte sette ein ung mann i arrest etter bråk i ei leilegheit på Nesbyen natt til onsdag.
Politiet måtte sette ein ung mann i arrest etter bråk i ei leilegheit på Nesbyen natt til onsdag.

Raserte og slo

Politiet måtte i natt arrestere ein mann i 20-åra etter at han raserte ei leilegheit og la ei jente i bakken.

Det var ved halv fire tida natt til onsdag politiet måtte rykkje ut til ei adresse på Nesbyen. Der kom dei til ei rasert leilegheit. To ungdommar var slått til og ei jente var lagt i bakken. Politiet i Nordre Buskerud politidistrikt opplyser at den mistenkte mannen er i 20-åra og frå distriktet.