Færre elevar søkjer seg til Ål vidaregåande skule i år når elevane for første gong har fritt skuleval. (Arkivfoto)
Færre elevar søkjer seg til Ål vidaregåande skule i år når elevane for første gong har fritt skuleval. (Arkivfoto)

Ramma av fritt skuleval

Færre søkjer seg til dei vidaregåande skulane i Hallingdal etter at det no er innført fritt skuleval.

Ål og Gol vidaregåande skular opplever i år ein nedgang i søkjarar. Rundt 70 elevar færre enn i fjor har til no søkt seg inn på skulane. 35 av desse er søkjarar til førsteåret.

– Ikkje alarmerande

I Buskerud totalt sett har talet på søkjarar auka med kring 200. Inntaksleiar i Buskerud fylkeskommune Tone Kvåle vil likevel ikkje slå krisealarm for utviklinga i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er aller første gongen me har fritt skuleval. Nedgangen i Hallingdal er ikkje alarmerande, men det er klart at for å halde oppe skuletilbodet i dalen må me ha elevar. Så dette bør ikkje vere starten på ein tendens, seier ho.

Berre i Hallingdal

Kvåle er usikker på kva nedgangen kan skuldast. Ho nemner fleire mogelege forklaringar, men understrekar at det frå hennar side er snakk om nær gjettingar.

– Nokre ønskjer kanskje å søkje seg til byar. Samstundes blir nok det å flytte på hybel kanskje ikkje sett på som så dramatisk for mange i Hallingdal fordi ein der ofte er vant til at ein må flytte på seg. Nedgangen kan og ha noko med storleiken på årets elevkull å gjere, utan at eg veit det sikkert, seier ho.

På Gol vidaregåande skule merkar ein same nedgang i søkjartal etter at fritt skuleval er gjennomført for første gong. (Arkivfoto)
På Gol vidaregåande skule merkar ein same nedgang i søkjartal etter at fritt skuleval er gjennomført for første gong. (Arkivfoto)

Inntaksleiaren er overraska over at det berre er i Hallingdal nedgangen har gjort seg gjeldande.

– Me trudde utslaget ville bli større også på andre skular, men i første omgang er det i Hallingdal me ser nedgangen, seier Kvåle.

Peikar seg ikkje ut

På dei vidaregåande skulane på Ål og Gol, har enkelte liner fleire søkjarar enn plassar i år. Det gjeld mellom anna idrettsfag og studiespesialiserande på Gol, og påbyggingsår til generell studiekompetanse samt helsearbeidarfag og køyretøy-lina på Ål.

– Det er likevel ingen enkelt line som peikar seg ut samanlikna med fjorårets søkjartal, seier Tone Kvåle.

Då fristen for å søke på vidaregåande opplæring for skuleåret 2012–2013 gjekk ut 1. mars, var det i Buskerud 9.261 søkjarar til 9.451 skuleplassar. Samstundes har 878 søkt om læreplass, ei auke på 44 søkjarar samanlikna med i fjor.