Norges beste villrakfisk skal kårast på Geilo. (Arkivfoto)
Norges beste villrakfisk skal kårast på Geilo. (Arkivfoto)

Rakfisk for dei kresne ganar på Geilo

Denne helga skal Norges beste villrakfisk kårast på Geilo.

Det skjer under det som blir kalla nasjonalparkmeisterskapet i rakfisk. Leverandørar frå 33 nasjonalparkkommunar er invitert til å delta.

Med rakfisk i «villfiskens teikn» skal leverandørane kjempe ein hard kamp om den gjæve tittelen: «Norges beste villrakfisk».

Artikkelen held fram under annonsen.

Villfisk og lokalentusiasme

Nasjonalparkmeisterskapet skil seg frå til dømes rakfiskfestivalen i Valdres ved at dette er for dei lokale entusiastane som rakar eigenfanga villfisk frå fjell og vidder i landets nasjonalparkar.

– Valdres er industriell storleverandør av rakfisk og har verkeleg ære av å ha sett denne delikatessa på kartet. Men der dreiar det seg opp oppdrettsfisk. På Geilo ønskjer me å trekkje fram villfisk og lokalentusiasme. Me skal ikkje konkurrere med Valdres når det gjeld besøkstal og omtale, men derimot på smak og utval, seier turistsjef og rakfiskentusiast Pål K. Medhus.

Tidlegare har meisterskapet vore reservert for lokale rakfiskleverandørar i Hallingdal. Men i år er leverandørar frå samtlege nasjonalparkkommunar i Norge invitert til å delta.

Kresen jury

Nasjonalparkmeisterskapet i rakfisk er eit lukka arrangement. Kjendiskokk og innehavar av Hallingstuene restaurant, Frode Aga, er vertskap for arrangementet. Vinnarfisken vil inngå i ein fem rettars rakfiskmeny som skal serverast laurdag kveld.

Froda Aga er også juryformann. Med seg i juryen har han fire velskolerte rakfiskekspertar: Hallgrim Berg, Ola Stave, NRK-journalist Kjell Fuglehaug og nasjonalparkkoordinator Anne Øvrejorde. Dei vil bedømme fisken etter lukt, smak, saltnivå, farge og smørbarheit.