Politikarveteran: – Me har ikkje mogelegheit til å gjera den jobben me skal
Kontrollutvalet i Nesbyen har fått budsjettet sitt kraftig redusert i kommunestyret. Det uroar leiaren, Audun Aasheim (Nes bygdeliste).
I vedtaket frå førre veke vart kontrollutvalet tildelt ei budsjettramme på 628.000 kroner for 2025. Denne summen held til rekneskaps-revisjonen for Nesbyen kommune, pluss ein rapport om ressurskrevjande brukarar. Om det kjem andre oppgåver, så har ikkje utvalet budsjett til å løyse dei.
– Problemet var vel også det at me ikkje visste kva me fekk tildelt før i kommunestyremøtet. Først der kom det fram at utgifter til møtegodtgjersle og til sekretariat skulle haldast utanom. Det betra situasjonen noko. Men me har ikkje mogelegheit til å gjera den jobben me skal gjera, seier Aasheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uansett
Rekneskaps-revisjonen må kontrollutvalet gjera uansett.
– Men i tillegg skal me ha forvaltningsrevisjon. Det er der me ser på deler av verksemda i kommunen. Så kjem eigarskapskontrollen, der me ser på måten det blir ført tilsyn med kommunens eigardelar. Dette er faste oppgåver. Så kjem det i tillegg innspel frå personar, parti og andre som stort sett fører til at me må setja folk til å finne ut av ting. Dette kostar pengar, seier Aasheim.
Felles legevakt
Han nemner som døme sist år då det kom innspel frå Arbeiderpartiet om å sjå nærare på prosessen rundt innføring av felles legevakt.
– Straks me tok til sjå på det, måtte det setjast folk på saka. Slike førespurnader må me berre legge bort no. Slikt har me ikkje pengar til. Revisjonen av rekneskap må gjerast først, seier han.
– Opp til kommunestyret
Vidare peikar Aasheim på at kontrollutvalet skal jobbe uavhengig av kommunedirektør og formannskap. Han meiner det blir feil at det nettopp er kommunedirektøren og formannskapet som i praksis har sett dei økonomiske rammene for utvalet.
– Me jobbar for kommunestyret. Det er dei som set rammene. Eg seier ikkje det ha skjedd noko feil. Men det er ein grunn til at kommunestyret skal setja grensene og ingen andre. Me er ikkje einaste kommunen som ser at budsjettet er vedteke før det kjem til kommunestyret. For 2025 har me berre pengar til å gå gjennom rekneskapen og forme ut rapporten for ressurskrevjande brukarar. Me har ikkje pengar til noko meir. Og eg er ikkje sikker på om det er det kommunestyret vil, seier han.