Politiinspektør Petter Solberg.
Politiinspektør Petter Solberg.

Politiet: – Uheldig

– Utskifting av juristar og fleire alvorlege saker.

Slik forklarar politiinspektør Petter Solberg at ei rekkje saker har vorte liggjande i politiet.

– Dette er uheldig. Det er bra for alle at dei får ei rask behandling. Men me må prioritere også. Det har blant anna vore fleire alvorlege valdtektssaker i Hallingdal. Me må prioritere dei alvorlege sakene som seksualisert vald og familievald. Det er lengst liggetid i dei minst alvorlege sakene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solberg peikar også på ei annan årsak til at det pr. i dag er 92 saker som er vorte over eitt år gamle: Det er åtte juristar ved Nordre Buskerud politidistrikt. Ein av dei hospiterer no hjå statsadvokaten, i tillegg har politidistriktet fått tre ferske juristar. Mykje kapasitet blir brukt til å lære opp desse.

– Me har juristane i tre-fire år. Då reiser dei til jobbar i Oslo, seier Solberg.

– Men dei tiltalte tener på at sakene blir liggjande hjå politiet?

– Slik er systemet. Men det er betre at straffa blir redusert i mindre alvorlege saker enn at me mistar dei store sakene.