Politiet er på husjakt i Gol
I ein annonse i torsdagsavisa står det at politiet søkjer etter nye lokale til Midtre Hallingdal lensmannskontor i Gol.
Politiet vil leige 700 – 1200 kvadratmeter i «rehabiliterte eller nye lokale». Lokala må stå innflyttingsklare innan november 2020.
Saknar garasje til tenestebilane
Politiet har i dag tre kontor i Hallingdal, på Geilo, i Gol og på Nesbyen. Ved Midtre Hallingdal lensmannskontor i Gol er det i dag fleire medarbeidarar som har oppmøte enn det var tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Regionslensmann Brit Fyksen opplyser at det er Politiets fellestenester som tek seg av husjakta. Men det lokale politiet har bidratt til å lage ein behovsanalyse.
– Lokala våre er ikkje ueigna, men politiet har utvikla seg. Og det er ikkje alt som er optimalt ved dei lokala me brukar i dag. Det viktigaste er at me har behov for garasje til tenestebilane, seier Fyksen.
Må vere «sikkerheitsmessig eigna»
Fyksen viser til Politiets fellestenester for utfyllande informasjon. I annonsen står det at lokala må ha alminneleg god kontorstandard og vere «sikkerheitsmessig eigna for politiets virksomhet». Hallingdølen kontakta Politiets fellestenester for å få klarlagt kva dette betyr. Men sidan all kontakt måtte gå gjennom kommunikasjonsavdelinga, lukkast det ikkje å få svar innan deadline onsdag.
I annonsen fortel at lokala ha eigen inngang, der det kan vere skranke for publikumsmottak. Politiet ønskjer lokale som kan romme både kontorlandskap, cellekontor og møterom, i tillegg til spiserom. Treningsrom er ønskjeleg, men ikkje eit krav.