Politiet ber folk vurdere å droppe hytta i helga: – Håpar ikkje folk tek turen berre for å sjekke
Politiet ønsker å unngå unødvendig belastning på flaumutsette vegar og omkøyringsvegane.
– Me har full forståing for at mange hytteeigarar er engsteleg for tilstanden på hytta etter ekstremvêrets herjingar, men me håpar folk ikkje tek turen no berre for å sjekke, seier stabssjef i politidirektoratet, Lars Aune ifølgje VG.
Politistasjonssjef i Hallingdal, Brit Fyksen, stiller seg bak anbefalinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ei kjent sak at Rv7 framleis er stengt fleire plassar. Då blir trykket på andre vegar større, langt større enn me er van med, seier ho.
– Det er framleis mykje trafikk, og framleis skuleferie. Folk vil sikkert på hytta, og me skal ikkje nekte dei det. Men sjekk godt på førehand, seier Fyksen.
Rv7 opna i stor grad opp att torsdag, og det er mogleg å køyre mellom Hønefoss og Ål. Gjennom Numedal kan ein også ta seg fram, men politiet ber om at folk unngår unødvendig belastning på både dei utsette vegane og omkøyringsvegane.
Om folk først reiser til fjells, har Fyksen ei klar åtvaring:
– Det er mykje vatn i bekkar og elver no. Folk må vere forsiktig med å gå ut på kanten, for grunnen kan rase ut, seier ho.
Det same gjeld generell ferdsel i terrenget.
– Bakken er ekstremt blaut. Det kan skje ting, sjølv om vêret har betra seg og det har slutta å regne. Det kan skli ut på utsette plassar.