Pensjonist Svein Granheim stussa då han oppdaga at han toppa skattelista i Gol. Feilen skuldast skjønnslikning. (Arkivfoto)
Pensjonist Svein Granheim stussa då han oppdaga at han toppa skattelista i Gol. Feilen skuldast skjønnslikning. (Arkivfoto)

Pensjonist fekk skattesjokk

– Folk lurar vel på med kva eg driv med når eg står på skattetoppen i Gol. Eg høyrer til i andre enden på lista.

Pensjonist og sakbrukseigar Svein Granheim (70) fekk «skattesjokk» då han oppdaga at han toppar skattelista i Gol og er på pallen i Hallingdal.

Skjønslikna

Han står han oppført med ei inntekt med nesten 3,7 millionar, i underkant av 2,3 millionar i skatt og null i formue.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette liknar ingenting. Feilen skuldast at eg ikkje leverte rekneskapen tidsnok og har vorte skjønslikna. Men det er heilt feil tal som er lagt til grunn. Nettoinntekta mi på næring var under 100.000 kroner i fjor, og så kjem pensjonen i tillegg. Så eigentleg burde eg stått på den nedre halvdelen av skattelista, seier Granheim.

Vil ordne opp

Granheim kontakta likningskontoret fredag då han oppdaga at han stod øvst på skattelista.

– Han eg prata med der fekk ikkje gjort noko med det no. Men det blir nok ordna opp etter kvart, seier Granheim.

I glas og ramme

Etter å ha summa seg tek han skattesjokket humoristisk. Likevel synest han det er på sin plass å fortelja om skattefeilen og skjønnslikninga for at ingen skal tru at han har andre inntektskjelder enn saga og pensjonen.

– Korleis kjennest det å sjå namnet sitt øvst på skattelista i Gol?

– Det er litt moro å stå øvst på ei liste der ein eigentleg høyrer til i andre enden. Eg må nok skaffe meg ei ramme og hengje ho på veggen som eit minne.