– Påske for historiebøkene
Trafikken har vore stor på DNT-hyttene i påska.
– Tidenes draumepåske, melder Den Norske Turistforening (DNT) måndag.
Tala for dei 33 betente hyttene viser at det i påska har vore 12.500 overnattingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire unge
– Me ser at det er fleire unge på fjellet enn før, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.
Han meiner det skuldast omsynet til klima, og at unge heller vel ferie i heimlandet enn å fly til utlandet. Dei samla tala for årets påske ligg noko under 2018, men godt over resultatet for 2017. Særleg var første del av påska rekordgod, men dette har jamna seg ut fram til første påskedag. Likevel kan fleire av hyttene på Hardangervidda vise til stor auke frå i fjor, til dømes Rauhelleren med oppgang på 22 prosent, viser tal frå DNT måndag. Trafikken på Hardangervidda har totalt auka med 21 prosent.
– Det er sjeldan me kan sjå tilbake på ei påske med strålande vêr og flotte forhold. Dette er ei påske for historiebøkene, seier Solvang.
Oppgang og nedgang
For hyttene i Hallingdals nærområde viser tala både oppgang og nedgang samanlikna med i fjor.
* Krækkja: 719 overnattingar. (+1 prosent)
* Finsehytta: 1485 overnattingar. (+ seks prosent)
* Iungsdalshytta: 226 overnattingar. (- 23 prosent)
* Geiterygghytta: 470 overnattingar. (- 6 prosent)
Artikkelen held fram under annonsen.
* Solheimstulen i Nore og Uvdal: 176 overnattingar. (Første år med registrerte overnattingar)