Domstoladministrasjonen ønskjer færre tingrettar med større fagmiljø. Neste veke får regionrådet ei sak om framtida til Hallingdal tingrett. (Arkivfoto)
Domstoladministrasjonen ønskjer færre tingrettar med større fagmiljø. Neste veke får regionrådet ei sak om framtida til Hallingdal tingrett. (Arkivfoto)

Overkøyrer politikarane

Domstoladministrasjonen (DA) vil slå saman tingrettar utan politisk innblanding. – Det er både arrogant og kunnskapslaust.

Det meiner dagleg leiar i regionrådet, Knut Arne Gurigard. Når regionrådet møtest neste veke, er rådet frå Gurigard at regionrådet ber DA gjere ei grundigare vurdering av konsekvensane av eventuelt å leggje ned tingretten på Nesbyen.

Kva kostar det for samfunnet?

Stortinget har gitt styret i DA i oppgåve å vurdere om det er grunnlag for å redusere talet på tingrettar. I eit lesarbrev tysdag skriv direktøren i DA, Sven Marius Urke, at det er både økonomiske og domstolsfaglege argument for at talet på tingrettar bør ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gurigard kjøper ikkje argumentasjonen. Han etterlyser ei meir grundig utgreiing av kva konsekvensar det vil få.

– Det er ikkje nok berre å vurdere det indre liv i tingretten. Kva betyr dette for innbyggjarane som skal bruke tingretten? Kanskje sparar DA pengar på ei samanslåing, men kva blir dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved lengre reiseveg og meir bruk av tid for alle som skal bruke tingretten? seier Gurigard.

– Sjeldan arrogant

Gurigard meiner Domstoladministrasjonen ser heilt bort frå politiske signal om at statlege kompetansemiljø og arbeidsplassar skal brukast til regional utvikling.

Knut Arne Gurigard. (Arkivfoto)
Knut Arne Gurigard. (Arkivfoto)

– Dette er klare politiske føringar frå Stortinget som styret i DA ikkje tek omsyn til. Staten prøver å støtte opp under kompetansearbeidsplassar i distrikta, men signala frå DA går stikk i strid med dette. Direktør Urke skriv at regjering og storting bør vere tilbakehaldne med å overprøve Domstoladministrasjonen sine vurderingar. Det betyr med reine ord at han ikkje vil vita av noko politisk innblanding. Det heng ikkje på greip. Det er sjeldan eg har lese eit meir arrogant lesarbrev, seier Gurigard.

Større er betre?

Stortinget har sagt at framtidas tingrett bør ha eit fagmiljø med minimum fire dommarar. Styret i DA tenkjer større – tingretten bør ha minimum åtte til ti dommarar. Gurigard etterlyser dokumentasjon på at «større er betre».

– Ser ein på kva tingrettar som får unna sakene, er det dei små som skårar best. Det har heller aldri vore noko problem å få tak i fagfolk til å jobbe i Hallingdal tingrett, seier han.

Motargument frå utkanten

– Har regionrådet sjanse til å vinne fram med motargument frå utkanten?

– Eg meiner me har gode argument. Dette dreier seg både om arbeidsplassar og tenester for innbyggjarane i distriktet. Regionrådet må vere på offensiven og utfordre DA til å gå meir grundig til verks når dei vurderer å redusere talet på tingrettar. Det vil vere uansvarleg at DA skal gå på sjølvstyr i ei slik sak. Viss ikkje DA er villige til å lytte eller greie dette ut på ein skikkeleg måte, har me i det minste ei god sak når dette skal behandlast politisk i Stortinget, seier han.