Over 9000 har fått skuleplass
Hovudinntaket til vidaregåande skular er ferdig. Vel 9000 elevar har fått beskjed om at dei har fått skuleplass i Buskerud.
Framleis står 544 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod.
82 prosent har fått plass etter første ønske og 86 prosent får sitt ønska programområde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søkjarar utan ungdomsrett i Buskerud har med nokre få unntak ikkje fått tilbod om plass i denne omgangen. Dei vil eventuelt får eit tilbod når alle med ungdomsrett har fått.
Det er framleis 433 ledige skuleplassar etter at hovudinntaket er køyrt.
Andre inntak i august
– Me er ferdige med første del og har no fått lagt ut informasjon om dette. No blir det eit par vekers ferie før me er i gang med andre inntaket. Men det vil vere folk på inntakskontoret heile sommaren, seier Tone Kvåle, inntaksleiar i Buskerud fylkeskommune.
– Det høyrest litt dramatisk ut med over 500 som ikkje har fått tilbod om skuleplass enno, men det endrar seg etter andre inntak, roar ho med. I fjor var det ca. 100 meir som ikkje hadde fått plass ved første inntak.
Andre inntak blir lagt ut 5. august.
Hugs å svare
– Det som er svært viktig, og eg kan ikkje få sagt det tydeleg nok, er at elevane må svare. Får me ikkje svar, blir det rekna som eit nei, og då går skuleplassen vidare til nokon andre, presiserer Kvåle.
Ho legg til at dei vil unngå telefon frå fortvilte elevar som ikkje var klar over at dei måtte takke ja til plassen. Her er inntakskontoret veldig streng. Har du ikkje takka ja til plassen, mistar du han.
– Elevane har hatt høve til å levere svar på førehand, så mange har alt takka ja, fortset ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit puslespel å dele ut skuleplassane. Det er mykje som skal stemme. Men det ser veldig bra ut på fylkesnivå.
– Så må eg berre avslutningsvis seie til elevane som går og ventar på andre inntak, dette går bra. Alle har rett på eit tilbod, og alle vil få eit tilbod, avsluttar Tone Kvåle.