Over 600 smitta i Hallingdal denne veka: Slik ligg det an i din kommune
Det er framleis Hol som er hardast råka av koronaviruset, med 280 nye positive tilfelle hittil denne veka.
Hallingdølen har henta inn tal frå kvar kommune på smittestatus for veke 3. Totalt har legekontora i Hallingdal fått inn over 600 positive prøvesvar.
Hol har 280 av dei. Der gjekk alarmen for fullt denne veka, med ein kraftig smitteeksplosjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen måtte ta grep. Blant anna har 5.-10. trinn ved Geilo barne- og ungdomsskole hatt heimeundervisning. På legekontoret har pasientane blitt flytta frå fysiske timar til å møte doktoren på video.
– Me har styrkt ressursane innan både testing og sporing, og klarer å handtere det som er behovet akkurat no. Men det er krevjande, seier kommuneoverlege Silje Koldal fredag formiddag.
Smittesituasjon så langt i veke 3
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 5 |
Nesbyen | 18 |
Gol | 139 |
Hemsedal | 47 |
Ål | 112 |
Hol | 280 |
Totalt | 601 |
Det er kapasiteten på bemanning som er den største utfordringa.
– Mange blir sittande i karantene med til dømes sjuke ungar, deretter blir dei sjuke sjølv, illustrerer Koldal.
Ho trur ikkje smittebølga i Hol er over enno.
– Men det er lov å håpe at det flatar litt ut, og at me har sett toppen denne veka.
– Spent på utviklinga
Gol har også hatt ei stri veke, med 139 nye tilfelle.
– Me ser at tala går ned. Dei fleste nye tilfelle me får no, er venta, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det betyr at dei fleste som no blir smitta, alt sit i karantene.
– Men me er spent på utviklinga neste veke, seier Thurainaygam.
God oversikt
Hemsedal har hatt mykje smitte sidan jul, men no er tala blitt lågare. Då Hallingdølen prata med kommuneoverlege Camilla Underland fredag, hadde dei registrert 47 nye tilfelle.
– Av desse er 33 i eigen befolkning. Resten er turistar, fortel ho.
I tillegg har dei plukka opp noko smitte ved å teste jamleg ved barne- og ungdomsskulen.
– Me har også smitte ved ein arbeidsplass, men der har me god oversikt og kontroll, seier ho. Både helseinstitusjonane og barnehagar har gått klar av smitte i Hemsedal.
Ål har også mykje smitte. Dei har ikkje tal på kor mange som er smitta så langt denne veka, men dei har registrert 112 sidan sist førre torsdag. Ifølgje kommuneoverlege Toril Bøyum er det mykje smitte ved ungdomsskulen.
Flå har hatt fem positive tilfelle denne veka, Nesbyen 18.
Artikkelen held fram under annonsen.