Ordføraren i Gol, Olaug Grønseth Granli.
Ordføraren i Gol, Olaug Grønseth Granli.

Ordføraren i Gol er død

Ordførar Olaug Grønseth Granli døydde sundag føremiddag.

Olaug Grønseth Granli døydde etter lengre tids sjukdom.

Grønseth Granli har fleire periodar i kommunestyret bak seg, og tok sist haust til på sin andre periode som ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var den fyrste kvinnelege ordføraren i Gol.

Valvinnar

Det er ein populær ordførar som har gått bort. Arbeidarpartiet gjekk fram 3,9 prosentpoeng ved kommunevalet i fjor haust, og Grønseth Granli sat trygt i ordførarstolen.

Sjølv kalla ho det ei stor tillitserklæring til partiet, og gledde seg over eitt mandat ekstra i kommunestyret.

I april i fjor kom statsminister Jens Stoltenberg på besøk heime hjå Olaug Grønseth Granli.
I april i fjor kom statsminister Jens Stoltenberg på besøk heime hjå Olaug Grønseth Granli.
Olaug Grønseth Granli var aktiv i politikken heilt til det siste. Her frå opning av ny asfaltrullebane på Klanten i haust saman med Hans Petter Fure.
Olaug Grønseth Granli var aktiv i politikken heilt til det siste. Her frå opning av ny asfaltrullebane på Klanten i haust saman med Hans Petter Fure.

Granli var svært engasjert, og brann særleg for samferdsel, både bane og veg. Før valet uttalte ho at ho ville jobbe for at Hallingdal skal vera ein god stad å bu og leva i. For henne betydde det trygg oppvekst for barn og unge, god kunnskap for alle, eit godt omsorgstilbod, og å legge til rette for ein aktiv alderdom.

Politikken la beslag på det meste av tida hennar, men på fritida prioriterte ho mannen, dei to døtrene og resten av familien.

Minnemarkering

Olaug Grønseth Granli sovna stille inn heime, med sine næraste rundt seg.

Gol kommune seier i ei pressemelding at dei tek imot dødsbodskapen med stor sorg. Tilsette i kommunen har minnestund måndag, og det blir også minnemarkering på Gol Helsetun.

Varaordførar Hallvor Lilleslett (V) har rykt opp som ordførar, mens Hanne Brunborg (Ap) er konstituert varaordførar.