Søknaden om å opne matbutikk i Elkjøpbygget på Storøyne var avslått, og utbyggjar klaga. Dei fekk medhald hjå statsforvaltaren og Gol kommune må behandle klaga på nytt. Paradokset er at statsforvaltaren sjølv tilrådde avslag nokre månader tidlegare. (Arkivfoto)

Oppgitt over statsforvaltaren i matbutikk-sak: – Dei talar med to tunger

Statsforvaltaren rådde Gol kommune til å avslå søknaden om matbutikk på Storøyne. Men no meiner dei at grunngjevinga for avslaget er mangelfull.

Kommunen opplever at Statsforvaltaren i Oslo og Viken har talt med to tunger i denne saka.

– Juridisk avdeling meinte at me ikkje hadde vurdert alle sidene ved klaga. Men viss me hadde gjort eit positivt vedtak, ville statsforvaltaren ha levert motsegn uansett, seier leiar for utbyggingsavdelinga i Gol, Hanne Cecilie Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk medhald i klage - får ein ny sjanse til å opne matbutikk ved Rv7
Dette har skjedd

* Gol Næringsbygg AS søkte om dispensasjon til å starte matbutikk på Storøyne i fjor vår

* Statsforvaltaren rår kommunen til å avslå søknaden - og det gjer dei

* Utbyggjaren klagar på vedtaket, som blir avvist av Gol kommune

* Statsforvaltaren gir utbyggjar medhald i klagen, og ber Gol kommune behandle klaga på nytt

Tilrådde kommunen å avslå

Då Gol kommune behandla søknaden i fjor vår, sende Statsforvaltaren i Oslo og Viken ein uttale. Dei rådde kommunen til å avslå søknaden, noko som også vart tilfellet. Men no har same instans gitt utbyggjaren medhald i klaga på dette avslaget.

Les også
Avviste klage om «usakleg forskjellsbehandling»

Uttalen som tilrår avslag er skriven at miljø- og klimaavdelinga. Medhaldet i klagen er gitt av juridisk avdeling.

– Her har det ikkje vore kontakt mellom avdelingane hjå statsforvaltaren, seier Nes.

Leiar i utbyggingsavdeling i Gol, Hanne Cecilie Nes, er oppgitt over blanda signal frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Ei avdeling ber kommunen avslå søknaden om matbutikk på Storøyne, medan ei anna avdeling sende saka i retur på grunn av «mangelfull grunngjeving». (Arkivfoto)

Dømt til å få klage uansett

Resultatet er meirarbeid for kommunen. Dei har på nytt måtta grunngje kvifor dei ikkje vil godkjenne søknaden - som dei vart tilrådd å avslå.

– No har me altså skrive eit ti sider langt dokument for å bevise alle sider ved saka, seier Nes.

Les også
Klagar på politisk vedtak

Det dokumentet ligg ved når politikarane skal behandle klagen på nytt. Sjølv om dette i teorien gir utbyggjaren ein sjanse til, er det nok for tidleg å juble. Viss politikarane snur og tek klagen til følgje, må dei nemleg rekne med at statsforvaltaren klagar på dette også - med selskap frå både vegvesenet og fylkeskommunen.

Statsforvaltaren forklarar

Hege Skaanes Nyhus er avdelingsdirektør i juridisk avdeling hjå statsforvaltaren. Ho seier at avdelingane har heilt ulike roller i dispensasjonssaker, og avviser at dei talar med to tunger:

Artikkelen held fram under annonsen.

– I denne saka hadde ikkje kommunen i tilstrekkeleg grad grunngjeve kvifor den meinte vilkåra for dispensasjon ikkje var oppfylt. Vedtaket var vidare heimla i feil bestemmelse, skriv ho i ein e-post til Hallingdølen.

– Me presiserer at juridisk avdeling i si klagebehandling ikkje tok stilling til om vilkåra for dispensasjon vart oppfylt, avsluttar Nyhus.

Les også
Trygt heime i Danmark hyllar dei hjelpa dei fekk i Gol: - Fantastisk, fantastisk!
Les også
Får ikkje opna før snøen kjem: – Akkurat no minner det meir om vår
Les også
Får 473.000 kroner i kompensasjon - slik blir pengane fordelt