Opnar for vinterope Imingfjell
Buskerud seier ja til vinterveg over Imingen. Men før forkjemparane kan sleppe jubelen laus, må Buskerud få støtte frå både Telemark og Hordaland fylkeskommunar.
Torsdag ettermiddag behandla fylkestinget i Buskerud søknaden om ei prøveordning med vinteropen fylkesveg over Imingfjell mellom Nore og Uvdal og Tinn.
25 mot 18
Fylkestinget i Buskerud vedtok med 25 stemmer (H, Frp, KrF og Senterpartiet) mot 18 stemmer (Ap, V og SV) å innvilge søknaden frå Nore og Uvdal kommune om vinteropen fylkesveg over Imingfjell. Fylkespolitikarane vedtok også at det ved behov skulle etablerast overvaking og stengetiltak for å ta omsyn til villreinen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langt steg nærare
Eli Hovd Prestegården, ordførar i Nore og Uvdal, er veldig fornøgd med avgjersla til fylkestinget.
– Eg er veldig glad for vedtaket som vart gjort i fylkestinget. No er me eit langt steg nærare.