Om lag 30 unge syklistar opna den nye sykkelstien langs Ustedalsfjorden. Stien er laga for alle nivå, og går i flotte omgivelsar.
Om lag 30 unge syklistar opna den nye sykkelstien langs Ustedalsfjorden. Stien er laga for alle nivå, og går i flotte omgivelsar.

Opna banebrytande sykkelsti

Storsatsinga som skal gjere Hallingdal til ein leiande sykkeldestinasjon tok eit nytt steg torsdag. Då opna den fyrste profesjonelt bygde sykkelstien på Geilo.

– Dette er ein viktig dag. Me set no ein ny norsk standard for sykkelstiar, sa turistsjef i Hol, Pål Knutsson Medhus, før om lag 30 unge syklistar slapp til i den ein kilometer lange runden ved Ustedalsfjorden.

«Skurfen»

For flytstien som no er opna er eit viktig steg framover for den regionale sykkelsatsinga Tråkk ’n’ Roll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med økonomisk støtte frå Regionrådet for Hallingdal og Buskerud fylkeskommune er målet at Hallingdal med sine mange moglegheiter skal bli leiande i landet. «Skurfen» er namnet på den fyrste profesjonelt bygde stien. Namnet er på engelsk ein kombinasjon av å surfe og å stå på ski. Og på norsk er ein skurf «han som leitar etter jernmalm», noko det var mykje av langs Ustedalsfjorden i gamle tider. Stien er bygd frå botnen av internasjonalt anerkjende stibyggarar med hjelp av lokale stibyggarar som no utgjer Hallingdals trail crew. Dei skal i tida framover bygge mange meter med nye stiar i heile distriktet. Masterplanar som no er utarbeidd viser noko av vegen vidare.

– Me veit ikkje heilt kor mange stiar som blir bygd enno. Men i løpet av hausten har me nok eit bilete av kva terrengsykkeldestinasjonen Hallingdal kan bli, seier prosjektleiar i Tråkk ’n’ Roll, Lars Wraae Jensen.

Spleiselag

Men satsinga er ikkje gratis.

– No set me ein ny standard for sykkelstiar i Norge, sa turistsjef Pål Knutsson Medhus.
– No set me ein ny standard for sykkelstiar i Norge, sa turistsjef Pål Knutsson Medhus.

Stiane som skal byggast har ein pris. I Trysil, som i likskap med Hallingdal har sett seg som mål å bli leiande på sykkel, er det alt investert over ti millionar kroner i sykkelstiar og anlegg. I Trysil Bike Arena vart det mellom anna investert tre millionar kroner i ei ti kilometer lang løype i fjor. Stien ved Ustedalsfjorden kostar kring 300.000 kroner. Den betalar investor og hotelleigar Pål G. Gundersen. Men skal det utviklast meir, må fleire på banen, meiner turistsjefen.

– Me er heldige som har investorar her. Men hovudregelen er at stibygging er eit spleiselag.

Medhus seier samarbeidet med Hol kommune også er godt, og viser til det politiske vedtaket frå kommunestyret i desember 2014 om at 40 prosent av eigedomsskatten skal gå til utvikling av sti og løyper.

– Utvikling av stiar handlar om både stiar for sykkel og vandring. Snart er masterplanen klar. Då har me noko konkret å gå til politikarane med, seier Medhus.

– Destinasjonsutvikling

– Kvar kommune har sin eigen forretningsplan. Men skal alt opp til eit nivå der ein kan tene på det, må det investerast, seier Lars Wraae Jensen i Tråkk ’n’ Roll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er hotelleigar Pål G. Gundersen ved Vestlia Resort einig i. Han har satsa kring ein million kroner på sykkel denne sommaren. Om lag ein tredel av dette har gått til den nye stien som no står klar. Og Gundersen er klar for å satse meir.

– Me har gått føre for å få fart og er budde til å bruke meir. Dette er destinasjonsutvikling, seier Gundersen.